Nye bokplanar i Eksingedalen

Av Liv Anne ons 02.02.2022 - 18:04
Bokliste, Dølen og Fjellguten

Målet er å dokumentera og formidla historia om kulturlivet i Eksingedalen, lagsarbeid og ungdomshuset Ljosheim gjennom 125 år.

-  Ungdomsrørsla kom tidleg til Eksingedalen, i 1881 vart førelauparen til ungdomslaget, «Flatekvål Bokforeining» skipa. Det vart samla inn pengar frå bygdefolket og det vart kjøpt inn bøker som var til utlån. Desse skulle gje ungdommen opplysning, allmenndanning, arbeidshug og kveikja ferdelandskjensla, seier Sigrid Tyssen i styret i Grendahuset Ljosheim.

Ingvild Brønstad skreiv i 1981 lagssoge for dei første 100 åra til ungdomslaget. Der slår ho fast at ungdomslaget i Eksingedalen var svært tidleg ute som medlem i Noregs Ungdomslag, som lag nummer 3 i landet. I 1897 vart ungdomshuset Ljosheim reist. Laget fekk etter kvart namnet Dølalaget, og lagsbladet var Dølen.

Og det var ikkje berre kring Ljosheim i nedre delen av dalen dei var tidleg ute. I 1896 skipa dei ungdomslag og starta boksamling i øvre Eksingedalen også. Fjellbuen heitte laget, med lagsbladet Fjellguten.

Dei to laga Dølalaget og Fjellbuen gjekk saman til eitt lag, Dølalaget, i 1982. Det er 40 år sidan. I dag er det Grendahuset Ljosheim som står for aktiviteten.

I arbeid med boka ynskjer ein å finna fram til kvifor eksingedølane var tidleg ute. Kva inspirerte dei til boksamling, ungdomslag og ungdomshus?

Stor samling av handskrivne lagsblad, attende til 1881.

Mykje er skrive og dokumentert og det er teke vare på møtebøker og lagsblad. Lagsblada Dølen og Fjellguten finn ein attende til byrjinga. Fleire og fleire foto dukkar opp, saman med små og store forteljingar.  Særs viktige i arbeid med boka er alle dei som hugsar, har lese noko, har bøker, brev eller bilete som kan vera med å dokumentera og fortelja soga.

Boka skal handla om inspirasjonen, impulsar og straumar i tida. Den skal presentera samtidsbilete omkring  kommunikasjon, kulturlivet og ungdomslagsarbeidet, og den skal fortelja om heile Eksingedalen. Den skal også fortelja soga til Grendahuset Ljosheim.

5 eldre karar har vore samla i Ljosheim saman med boknemnda, og fleire slike samkome skal det bli. Fleire er inviterte til å skriva, både lokale skribentar og folk utanfrå.

-  Me oppmodar alle som trur at dei kanskje veit om noko som kanskje kan vera av interesse om å ta kontakt, seier Britt Eide i boknemnda. Gamle foto, brev, bøker, ting som høyrde til - alt er av interesse. Som ord til soga, utstilling og foto til boka.  

Spennande arbeidsmøte i Ljosheim, alle gamle blad og bøker på bordet.

Med i boknemnda er: Sigrid Tyssen, Elizabeth Gjessing, Ingvild Brønstad, Britt Eide, og Liv Anne Bergo. Med på laget har eksingedølane fått med seg Elizabeth Gjessing frå Vaksdal. Ho er historikar, med stor interesse for det som er rundt seg.

 

Boknemnda jobbar breitt, med både bok og finasiering av prosjektet.