Kom deg ut - dag 2022

Av Liv Anne søn 06.02.2022 - 21:01
Gaute hadde køyrt fin løype utover Moo.

Gaute lova løype - og løypa var stødig og god! Snøen har lava ned i helga, og vinden har ruska godt. På Nesheim vart det målt til 80 cm søndag føremiddag.

Det møtte nær 30 til "Kom deg ut- dag", og folk kom med og utan ski. Mange nytta sjansen til å ta nokre rundar i løypa, det har diverre vore lite høve til det før i vinter. Turlaget sin turtipp vart gjennomført av dei fleste, og så var det kjekt å slå av prat med andre bygdafolk.

Litt surt og kaldt var det innimellom, men også 5 minutt glimt av blå himmel! 

 

Glade krusvinnarar på plass på Nesheim.

Det var rekordhøge tal i idrettslaget sin Fjelltrim dette året. Nær 3 000 namn i bøkene og 36 krusvinnarar. For å få krus må ein ha namnet i alle bøkene i Fjelltrimmen. Det er 15 bøker, som omfattar 12 stølar og 3 toppar. Høgaste toppen og lengste turen er Kvitanosi. 

Aldri har så mange greidd kruset - og gledeleg er det også at fleire har meldt seg inn i idrettslaget nettopp for å kunna få kruset.
9 medlemmar har til no greidd alle dei12 første krusa, og kvar krus har motiv frå eit av turmåla. I 2021 var det Flatekvalstølen, denne sesongen vert det Nesstølen. 

Fjelltrimmen deler også ut premie til vinnarar av tre aldersgrupper; barn, ungdom og vaksen.
To i kvar klasse fekk premie. 

Robert, Elias, Sveinung, Haldis, Heidi og Signe vart poeng-vinnarar!