Årsmelding for 2021

Av Liv Anne man 07.02.2022 - 09:23

TURAR OG ARRANGEMENT:

Kom-deg-ut–dag, søndag 7.februar: Januar 2021 var særs kald, og løypa på Nesheim gjekk i store rundar på heile Nesheimsvatnet. Denne morgonen var det målt 24 kuldegrader på Nesheim, men sola varma etterkvart dagen godt opp - og gradene steig til varmare enn minus 10 midt på dagen. Det vart ein nydeleg føremiddag i sola, og alle kosa seg i aktivitet og i prat. Folk kom og gjekk, 38 små og store vart observerte i løypa gjennom dagen; til fots, på ski, i vogn eller pulk. Mange gjennomførte «turtippen», og innimellom kunne ein varma seg rundt bålet.

Vaksdal Turlag kjøpte inn premiar, og i ettertid fekk EIL 2000 kr for løypekøyring frå turlaget.

 

Onsdagsturane skal vera noko alle kan vera med på, og etter ynskje starta alle turane kl. l7 denne sesongen. Oppmøtet har vore varierande, som vanleg med langt større deltaking på haustturane enn om våren.

Eikefetstølen: Småyr og skodde på fjelltoppane, 4 deltok.
Vetlejordstølen: Fint kveld med kveldssol, 9 deltok.

Nesstølen: Vårleg og fint, mykje vatn i bekkane. Me streva litt over elver både her og der. 13 deltok.

Flatekvalstølen: Fin sommarkveld, med kveldsmat/middag på stølen.  Triveleg! Og godt lagt til rette av Jomar. 10 deltok.

Yksendalstølen: Fin kveld og fint ver. 10 gjekk til støls,  4 av turfølgjet gjekk over til Bergo.

Gullbråholmen og vidare til Trefallstølen: Haustturane starta opp før skulestart, og 13 var med på den første turen. Med kveldssol og god temperatur, vart rett og slett ein sommarleg start på haustturane til turgruppa. Turen tok mange timar, små bein gjekk langt!


Nonhaugen: Fin kveld, med vindjakker og panneband på. 11 deltok.

Eksestølen: Fin sommarkveld, 8 var med.

Vinningsleitet – Nesheimstølen – Ogelsmoget:

Ein fin tur opp til Krossaleitet og vidare ned Stordalen til Nesheimstølen. Frå Nesheimstølen til Ogelsmoget er det litt uryddig å gå, men nedom Ogelsmoget var det rydda sidan sist år. Utsikta og opplevinga med solnedgang var også denne kvelden storslått. Turen tok gode 3 timar, og 18 deltakrar var med.

Lavikstølen – Haugastølen: 4 var med på denne runden, litt småregn men fint å gå.

Brakestadstølen: 8 var med, litt haustleg og kaldt. Fin tur, fort gjekk det både opp og ned.

Njukjen på Flatekval til Tuftane søndag 18.juli

Dagen starta med gråvêr og skodde, og på veg oppover kneika mot Njukjen var det nok fleire lurte på om dei skulle snu. Heldigvis vart alle med vidare, sjølv om regnkleda gjekk på og av. Frå Njukjen var det storslått utsikt ned til Flatekval. Jomar synte veg, og stien var stort sett lett å finna. Ved Tuftavatnet var det ein god pause, før ein traska vidare over siste kneika og deretter gjekk det berre nedover.

Turen var ny for dei fleste, og folk let vel! 14 var med, midt i ferietida.

Høgafjellet, 1019 m.o.h, søndag 22.august

Turen starta ved Dalastova på Flatekval, der turfølgjet på 5 fekk gode turtips:

"Når de rundar høgda etter bakken opp frå Likhaugen ser de varden, og de får retningen. Gå fram til Steinsetra, så skråar de oppover og følgjer eggjene mot toppen. Varden på toppen ser de att etterkvart.

De er heldige med veret, de får ein fin tur!" 

Og det var heilt sant!

Turen var fantastisk fin. Oppover lia mot Likhaugen og fram til Steinsetra var det bratt, men stien var tydeleg og lett å følgja der den bukta seg oppover i granskogen. Store tre oppover gav også god skugge denne søndagsføremiddagen. Det gjorde godt, for jammen var det varmt oppover.

Vel framme på Høgafjellet var det god sikt i alle retningar; i vest mot Ulrikken, havet og skip utanfor Mongstad. Den andre vegen mot Sogn og Vossafjell, der Kvitanosi også var lett å sjå. 


Oppe på høgfjellet sat turfølget lenge, utan eit vindpust i storslått landskap! 

FRÅ FJELLTRIMMEN SINE BØKER FOR SESONGEN 2021:
Det er notert 2938 namn i år, mot 2635 namn i 2020. 100 av medlemmane i Eksingedalen IL har registrert seg i bøkene, i tillegg mange andre namn. Mest besøkt i år er Lavikstølen, med 350 noteringar, deretter kjem Flatekvalstølen med 333 namn.

Eksingedalen IL har i år fått fleire nye medlemmar, nye medlemmar som er på jakt etter krus. Det set turgruppa pris på.😊 Aldri har så mange som i år greidd kruset. Det er ny rekord av krusvinnarar, der 36 har greidd kruset 2021! Det er 10 fleire enn sist år.

Krusa og premie til poengvinnarar vert delt ut på årsmøtet til idrettslaget. Flatekvalstølen er motivet for Fjelltrimmen 2021 og for å få det må namnet stå i alle bøkene. Kruset i år er nr 13 i serien, og 9 trimmarar har alle krusa til no.

I tillegg til krus er det er premiering i tre aldersklassar:
Klasse 6 – 12 år: Gåvekort på kr 500 kr til vinnar, kr 300 for andreplass
Klasse 13 – 16 år: Gåvekort på kr 1 000 kr til vinnar, kr 500 til andreplass
Klasse vaksen (frå det året ein fyller 17 år): kr 1000 for vinnar, kr 500 for andreplass

I tillegg to gåvekort på kr 300, tilfeldig trekt ut av medlemmar på tur.

Høgaste poengsum er 190 poeng, og no er det vaksenklassen som er dei flittigaste i «poengjakta». Også i år seks over 140 poeng.

Desse får premie:

Vaksen klasse:
Haldis Øvstedal, 190 poeng og kr 1 000
Sveinung Tyssen Bergo, 168 poeng og kr 500

13 – 16 år:
Elias Bergo, 48 poeng og kr 1000
Robert Brønstad Hafstad, 15 poeng og kr 500

6 – 12 år:
Signe Nesheim, 50 poeng og kr 500 i premie
Heidi Nesheim, 48 poeng og kr 300 i premie

To tilfeldige vinnarar ved digital uttrekking får 300 kroner kvar:
              Rolf Sælen og Knut Trefall


”Småtroll-diplom”: Josefine Brønstad, Guro og Selmer Nesheim, Alma Bergo

BOK PÅ MJELKEPLASSEN
Dette er tredje sesongen med bok på Mjelkeplassen. Etter oppmoding frå styret sist år, er det no komme opp ein enkel bokkasse på Mjelkeplassen. Det er premie til den med flest turar og til ein av dei med meir enn 5 turar. Vinnar i år er Sveinung T. Bergo med 15 turar. Ein til hadde over 5 turar og får premie nummer to. Det er Liv Anne.  

Vinnarane får også i år ei ryddesag og ein sprayboks med måling, til vidare arbeid på stien opp lia.

 

TURGRUPPA TAKKAR FOR SOSIALE, TRIVELEGE OG GODE TRIMTURAR!
Med mange trimmarar langs stølsvegane heldt me stiane godt ved like også.
 Vel møtt til ny sesong!

Turgruppa i Eksingedalen IL 2021Aud Marit Brønstad Bergo, Jomar Flatekval, Liv Anne Bergo