Årsmelding 2019 - 2021

Av Magnar tor 17.02.2022 - 09:37

Årsmelding for Eksingedalen Bygdaråd 2020- mars 2021

 

Årsmøte for 2019 Har ikkje blitt halde grunna store restriksjonar på samkomer våren 2020 grunna korona-pandemi. Etter nye vedtekter frå 2014, har alle folkeregistrerte i Eksingedalen over 16 år møterett og stemmerett ved årsmøte.

Arbeidsstyret har dette året vore slik samansett: Frøydis Gullbrå (leiar), Laila Bolstad, Magnar Nese, Jørgen Engdal Bergo.

 

Arbeidet dette året har vore prega av korona-pandemi, og restriksjonar i samband med dette.

Det har i 2020 vore arbeidd med desse sakene:

Halde fram med følgjande faste saker for bygdarådet:

  • Drift av heimesida Eksingedalen.no.
  • 17-mai: Utval av komité, innkalling til møte, søknad om tilskot. Komiteen har ansvar for gjennomføringa, og å skaffa talar til året etter. Utnemning av 17.mai komité vert gjort i februar/mars, komiteen arbeider sjølvstendig. 17.mai 2020 vart markert alternativt grunna korona-pandemi. Me laga film frå dalen, og sende inn til felles kommunal publisering, mellom anna via Vaksdalposten. Det vart fleire mindre lokale arrangement/ samlingar i dalen, mest i privatheimar.
  • Marknadshelg: Fastsetjing av dato og val av komité for marknad annakvart år. Komiteen har ansvar for gjennomføringa. Komitémedlemmane arbeider over to marknadar, for å få kontinuitet.Det var sis marknad 18. august 2018, og planlagt marknad august 2020 vart avlyst. Det er mål om å få den igong igjen straks pandemi-situasjon gjer det mogleg.
  • TV-aksjonen: Organisering av lag til å ta ansvar for innsamlinga. I 2020 var det digital innsamling, og styret i bygdarådet tok initiativ til innsamling i frå Eksingedalen.
  • Vedlikehald av stølsvegar og Reitlevegen: Søknad om midlar, gjennomføring av tiltak.( lite gjort i 2020)

 

 Andre saker 2020:

  • Pris: «årets Eksingedøl» ( utsett til 2021)
  • Planlagt besøk av politisk organ; bygdeutviklingsutval. Dette vart avlyst grunna pandemi.
  • Utgreiing om å få gamal telefonkiosk tilbake til dalen
  • Uttale til kommunen om behov for barnehage i Eksingedalen
  • Innspel til Vegvesenet om behov for sikrings langs vegen i Eksingedalen
  • Fiberkabel fram til kvart hus
  • Blomehelsing til familien til mann som omkom i arbeidsulukke på Gullbrå i september

  

Om dei enkelte sakene:

Eksingedalen.no

Heimesida for Eksingedalen er stadig oppe og går. Siste året har det også vore rimeleg god aktivitet med mykje nytt stoff på sidene, med litt variasjon på hyppigheit. Nokre månader er det mange saker, andre gonger færre. Kalendaren på nettsida blir stadig mykje brukt for å finne kva aktiviteter som føregår i dalen. For oppdatering av kalenderen er ein avhengig av tilsendte saker frå bygdefolket.

Årsmeldingar og andre meldingar frå Bygdarådet er å finna under eiga fane nederst på den nye sida.

Magnar Nese er redaktør for sida, i tillegg er det 4-5 andre som legg inn stoff (Svein, Frøydis, Liv Anne). Dei som gjer arbeid for nettsida har høve til å fakturera timar for arbeidet, dette er ikkje gjort i 2020.

 

 Pris – årets eksingedøl!

Ved årsmøte for 2017, vart det bestemt å oppretta hederspris for ein engasjert eksingedøl. Dette vart gjort for å synleggjere positivt engasjement og arbeid for Eksingedalen eller folk i dalen.  Prisen vart ikkje utdelt i 2020, og ein planlegg ny utdeling i 2021

 

Utgreiing om å få gamal telefonkiosk tilbake til dalen

Me har fått informasjon om at ein person i Kvam har i eige telefonkiosken som i mange år stod ved butikken på Lavik. Det har kome førespurnad om me ynskje kjøpe denne kiosken tilbake til dalen. Det finns fleire slike gamle telefonkiosker rundt i landet som har blitt oppsett på ny, og omgjort til lesekiosker ( mini-bibliotek). Det er råd å søkje støtte til dette gjennom !les organisasjonen.

Bygdarådet arbeider med å få meir informasjon om kva stand telefonkiosken er i , kva den kostar og kva det vil krevje av arbeid/straum/tilrettelegging for evt å få den tilbake.

 

Fiberkabel fram til kvar bustad - statusrapport

Ei av dei prioriterte sakene for Bygdarådet dei siste åra har vore arbeidet med å få fiberkabel fram til alle bustader i Eksingedalen, frå Høvik til Gullbrå.

I 2020 har me gjort følgjande i saka:

Det er Vaksdal kommune som søkjer om breibandsmidlar, dette er ikkje noko Eksingedalen Bygdaråd kan gjere sjølv. Det me kan gjere er å arbeide fram grunnlagsmateriale for å byggje opp under søknadane. Det har me gjort. Grundig. Fastbuande og hytteeigarar er blitt kontakta for å oppgi noverande status, samt om det er interesse for fiber.
No viste det seg at hytter ikkje skal vera med i grunnlaget for søknad om midlar til breiband. Men aktuelle utbyggjarar har fått vårt arbeid framlagt slik at dei kan rekna på arbeidet.

Bygdarådet vart kontakta av Vaksdal kommune i mars 2020, og har kome med innspel til søknad. Me har vore i kantakt med Norsk Kommunikasjonsmyndighet (NKom) for å få avklaring på korleis ein søknad skal skrivast. Målet vårt: fiber i vegg til alle i Eksingedalen som ynskjer det.
Til tross for våre innspel om å laga ein generell søknad der breibandsdekning, med minstekrav til fart, til alle i dalen var grunnlaget, laga kommunen ein søknad som for vår del kun omfatta Bergo + Fjellanger. Her var det bygging/forsterking av mobilt breiband som var målet.
Dei punkta det vart søkt om frå Vaksdal kommune kom nedst på lista i Vestland fylke, og fekk heller ikkje midlar. Grunnen var at det var for få husstandar som fekk betre breiband.

Telenor fortel alle i Eksingedalen at mobilt heimebreiband er framtida. Samstundes blir det bygd ut fiber i område med mykje folk.
Telenor Privat har ingen planar om fiber i vegg i Eksingedalen. Dei seier at det må vera minst 20 tilkoblingspunkt for at dei skal koble seg inn på fiberkabelen som går gjennom dalen.
Telenor Bedrift gir tilbod til dei som har organisasjonsnummer. Dei koblar seg på ein skøyt på kabelen og du har fiber i vegg for ein kostnad på ca. kr. 1500,- i månaden, med ei bindingstid på 3 år. Det er fleire i Eksingedalen som har teikna slike avtalar.

Det blir no tatt kontakt med NKom att, for å få avklaring på kva som er minstekravet til fart på breiband. Det er dette minstekravet vår kommune må bruke i sine søknader.

Vaksdal kommune er også kontakta for å purre på arbeidet med ny søknad.

 

Uttale til kommunen om behov for barnehage i Eksingedalen

Det har blitt fødd 3 barn i Eksingedalen dette året. Barna og familiane har fått blomehelsing frå bygdarådet. Me har også sendt brev til kommunen med oppmoding om å opne opp att barnehage i dalen, då det no er mange i barnehagealder busett her.

 

Innspel til Vegvesenet om behov for sikrings langs vegen i Eksingedalen

Bygdarådet v Magnar Nese har sendt innspel til vegvesenet 2.4.2020, der me peikar på strekningar som treng vegsikring. Punkta er:  

1. Røyrdalen (mellom Trefall og Ekse). Låg og manglande støypekant. Her er det opp til 10 meter ned i ur/elv.

 

2. Brakestad vest (mellom Brakestad og Nesheim). Manglande sikring mot elva. Her ligg vegen heilt på elvekanten.

 

3. Bergokulten. Behov for sikringsnett. Her dett det stein og is ned i vegbana. Her er det utført bolting i fleire omgangar. Det har også vore snakk om nett, men ikkje gjort noko.

 

4. Bergo ved Vetletjørna. Her sig muren. Det viser godt på vegbana.

 

5. Bergo vest. (vest for ferist). Manglande sikring mot vatnet. Her er vatnet djupt, steinar og murar på oppsida sig ned mot vegbana.

 

6. Binningsbø aust. Manglande sikring mot vatnet. Vegbana ligg heit på kanten mot vatnet.

 

Desse punkta vart spelt inn til Vestland Fylke då me høyrde at veg- og rassikring var eit sysselsetjingstiltak under koronaen. Det viste seg så at desse ekstramidlane berre galdt riksvegar.
Vårt innspel er sendt vidare i systemet, men ligg ikkje inne i budsjettet for 2021. Men, dersom me vel ut eitt av punkta kan dette bli gjort noko med dersom det er ledige midlar, seier Selland.

 

 

 

For styret i bygdarådet

Frøydis Gullbrå, leiar