Årsmelding styret

Av Magnar tor 17.02.2022 - 09:52

Årsmelding frå styret i Eksingedalen Idrettslag

 

 

Styret har i 2021-sesongen bestått av:

 

Anna Sveinungsdotter Bergo (leiar) Svenung T. Bergo (kasserar)

Magnar Nese – styremedlem frå skigruppa

Aud Marit Brønstad Bergo – styremedlem frå turgruppa Anita Gullbrå - styremedlem

 

 

Vara: Ulrik Bindingsbø og Solfrid Urke Nese. Revisorar: Rune Nesheim og Gaute Øvstedal

Valnemd: Haldis Øvstedal, Frøydis Gullbrå og Einar Trefall.

 

 

Medlemstal:

 

Eksingedalen IL har pr 31.12.2021:

Under 19 år: 33

Over 19 år: 75

108 medlemar, dette er 7 færre enn i fjor.

 

 

Styret har hatt to styremøte i året som har vore, og ein del korrespondanse på epost. Magnar Nese har vore idrettslaget sin representant i idrettsrådet.

 

Det har vore nok eit uvanleg år, også for idrettslaget. Mange restriksjonar har gjort sitt til at me ikkje har kunna hatt den aktiviteten me har ynskt. Likevel har idrettslaget hatt mykje å jobba med som har vore viktig, nyttig og takksamt arbeid.

 

 

Aktivitetar og hendingar:

 

  • I året som har vore har me arrangert styrketrening så fort det har vore ok i høve råd og reglar i samfunnet rundt oss. Me har gjennomført nokre styrketreningar i haust.
  • Den årlege påskebingoen måtte avlysast i år også.
  • Det vart heller ikkje noko felles skitur til Kvitanosi i regi av idrettslaget i 2021.

 

  • Idrettslaget laga påskerebus som vart plassert rundtom i dalen, her var det bra oppslutting.
  • Det har vore mykje dugnadsarbeid frå idrettslaget si side i arbeid med leikeplassen ved Eksingedalen oppveksttun. Leikeplassen stod ferdig i juni 2021.
  • 8.juli hadde idrettslaget dugnad på Trefallstølen der det vart reist ein varde, og montert ein benk. Mange møtte og var med på dette, til minne om Kåre Magnar Trefall.
  • Idrettslaget har i år som tidlegare heist flagget ved alle kommunale flaggdagar. Dette får laget 5000,- kroner for.
  • Idrettslaget har også teke jobben med å vaska dei offentlege toaletta ved skulen på sommarstid. Dette får laget kr 1000,- for.
  • I september kunne me endeleg arrangere Gygrekjeften opp som lokalt arrangement. Det var kjekt å kunne gjennomføra arrangement att, sjølv om det ikkje var knytt til motbakkecup denne gongen. Bkk sponsa premiar med kr 3000,- Det var 16 stk som deltok til saman i begge klassane (konkurranse og trim).

 

 

Løyvingar på årsmøtet i 2021:

  • Laget løyver pengar til å kjøpa inn ein hjartestartar.
  • Laget løyver sponsing av førstehjelpskurs, delt med Eksingedalen Kvinne- og familielag (EK&F).
  • Laget løyver pengar til årlege utgifter og vedlikehald, delt med EK&F.
  • Sosial- og aktivitetsområdet ved skulen: Løyving om inntil 75.000,- kr. (Vart brukt kr 32613,-).

 

Styret har løyvd og kjøpt inn:

  • Nytt førstehjelpsutstyr - turpakke og idrettslagspakke.
  • Bestilt treningsmanualar med stativ til styrketreningane på skulen.

 

 

Hjartestartarar og tilhøyrande kurs

 

I tillegg til dei planlagt innkjøpte hjartestartarane har Eksingedalen IL fått tildelt ein hjartestartar med tilhøyrande skåp frå Ida Eides minnefond. Dette vert den siste plasserte hjartestartaren, den er no montert på Høvik.

 

Eksingedalen IL og EK&F har hatt eit samarbeidsprosjekt om dette. Alle hjartestartarane er no komme på plass: Gullbrå, Eksingedalen Oppveksttun, (Yksendalen – privat) Ljosheim og Høvik. Dei er òg innmeldt i hjartestartarregisteret (113.no). Me har og sett opp ein vedlikehaldsplan for dei ilag med kvinne- og familielaget.

 

Idrettslaget tek på seg organisering av vedlikehald, med eigen konto der dei to laga betaler inn kr 2000 pr år (januar). EIL syter for at det vert kjøpt inn batteri og hengt opp nye kontroll-lister og at det vert hengt opp kart som viser kvar dei finns.

Kontaktpersonar for dei ulike hjartestartarane januar 2022 Gullbrå: Anita Gullbrå (Eksingedalen Kvinne- og Familielag) Bergo: Liv Anne Bergo ( Eksingedalen Kvinne- og Familielag) Yksendalen: Britt Ingeborg Eide og Kari Brørvik (privat eige) Flatekval: Anna Sveinungsdotter Bergo ( Eksingedalen idrettslag) Høvik: Laila Bolstad og Bjørn Eikefet( Eksingedalen Idrettslag)

 

Kurset i fyrstehjelp og bruk av hjartestartarar vart ein «korona»- gjengangar. Utsett mangen gongen, men vart til slutt arrangert 15. juni i Ljosheim. Eit veldig nyttig og lærerikt kurs, som bør arrangerast ved jamne mellomrom. Det vart eit kurs på føremiddagen og eit på ettermiddagen. Til saman 18 deltakarar.

Leikeplassen på skulen: ein god dugnadsgjeng jobba i lag med vaktmeister Jon Trefall fekk opp dei nye leikeapparata våren 2021. Apparata er mykje i bruk, både i sommar og no i haust av barnehage og skule.

 

 

*

 

 

Styret vil takka alle som idrettsåret 2021 har vore med å støtta opp om arrangement eller på dugnad!

 

Helsing styret Eksingedalen IL