Mange ville læra å slakta

Av Liv Anne man 14.03.2022 - 19:56

Med på kurset var bønder, jegerar og dei som ville læra å partera for å finna fram til dei gode kjøtstykka. 

- Å kunna slakta og nytta kjøtet på best mogleg måte er viktig å kunna anten du er bonde eller jeger, seier Lars Bjarte Nesheim, som ein av tilskiparane i Eksingedalen/Vaksdal bondelag. 

Kurset var godt organisert. Det var i alt med 28 deltakarar, og med rikeleg tilgang både på dyr og skrottar fekk alle prøva seg. 

Instruktørar var Stian Espedal og Frode Hetland frå Nortura på Jæren. Dei demonstrerte korleis det skulle gjerast, og etterpå gav dei kyndig rettleiing når alle deltakarane fekk prøva seg. 

- Det var god stemning, og me fekk med oss gode tips og triks, fortel Lars Bjarte. 

 

Alle foto: Lars Bjarte Nesheim