
Kvinne- og familielaget har sidan 2009 samla inn og sendt strikkahuer til nyfødde born i Afrika. Huene vert overlevert frå strikkarar i Eksingedalen, Eidsland og Modalen gjennom eit internasjonalt prosjekt ved Helse Vest, Haukeland, til fødestover på Zanzibar og i Malawi. Fleire 1000 huer er strikka og levert. I tillegg teppe, sokkar og fine pakker med bodyar til dei nyfødde.
Og at dei set pris på det dit det kjem, det får laget gode tilbakemeldingar om! Dei aller ivrigaste damene siste to åra er strikkarane i Modalen. Derifrå er det levert 1037 huer, i tillegg til desse 300 som no vart samla inn. Og sidan levering og mottak er på plass minst eitt år til, heldt prosjektet fram.

Strikkekafeen starta med at Hilde Akalia Brønstad las eigne dikt. Hilde si varlege stemme og fine ord gjorde godt. Alle lytta, og det var heilt stilt i salen.


Som alltid var det rikeleg med god mat inntil kaffien, og eit rikhaldig lotteri!