2021

Av Magnar søn 10.04.2022 - 10:18

Vilkårsrevisjon 
Eksingedalsvassdraget/ Evanger kraftverk 
 
 
 
Vatnet frå fjellområda over Eksingedalen vert gjort til gull for regulanten. 
Det skulle gje rikeleg av ressursar til å rydda opp etter seg og betra miljøet i rest-vassdraget. 
 
Samandrag – i prioritert rekkjefølge 
 
1.    Handlingsplan/tiltaksplan: Det er eit hovudkrav frå folket i Eksingedalen at BKK må få pålegg om å leggja fram rullerande tiltaksplan for årleg forvaltning av Eksingedalsvassdraget. BKK må få tydeleg pålegg om å stella vassdraget på eige initiativ utan at folket i dalen treng vera påpassar og vaktmeister for kraftselskapet sine plikter. Sagt med andre ord: No må BKK informera om kva dei vil gjera for å stella og forbedra det sterkt regulerte vassdraget. 
 
2.    Minstevassføring: Det er eitt svært moderat krav til minstevassføring som vert fremja. Kravet vårt er at elvane oppe i dalen, spesielt frå Gullbrå mot Nesheim ikkje skal gå tørre i sommarveker. 
Grunnen til at kravet om minstevassføring er så smålåte, er at Eksingedalen er lang og vassrik. På Ekso sin veg nedover dalen kjem det til ei rekkje sideelver som aukar vassføringa. Ei generell minstevassføring både sommar og vinter vil knapt nok merkast nedanfor Nesheim/Bergofossen. 
 
3.    Tilgroing: Tilgroinga av flotgras, krypsiv og andre vekster er dominerande i stilleflytande deler av vassdraget. Det finst ingen som hevdar at den sterke tilgroinga er upåvirka av reguleringa av vassdraget. Mykje av tilgroinga er ein konsekvens av lite vatn i elva, det vil seie av reguleringa. BKK er dermed ikkje friteken for ansvar av noko myndigheit eller paragrafar. Nye konsesjonsvilkår må innehalda eit tydeleg pålegg til regulanten om å rydda i elva slik at miljøet i elva og attraksjon den representerer, årleg vert teke vare på – til den kostnaden som krevst. 
 
4.    Trefallsvatnet: Her er det stor opphoping av sediment (sand, grus, leire, stein) etter mange år med anleggsdrift i vassdraget ovanfor. Her må det ei omfattande opprydding til, der massane må fjernast. 
 
5.    Fiskeforvaltning: Stortinget påla BKK i konsesjonen i 1966 ei rekkje tiltak for å ta vare på fisket. Frå Nesevatn og oppover (ovanfor anadrom del) er elva etter private initiativ utvikla til å verta Vestlandet si beste aureelv for sportsfiske. Det gjeld i hovudsak den avgrensa strekninga får Lavik til Flatekval. BKK har sidan 2018 gått og gøymt seg, bidreg ikkje med ei krone og svarar faktisk ikkje på brev. Nye konsesjonsvilkår må påleggja BKK å ta aktivt del i fiskeforvaltninga (innlandsdelen) slik at resultatet kan haldast på dagens nivå. 
 
6.-10. Miljøtiltak – ikkje innbyrdes prioritert her: I desse kapitla tek vi opp ei rekkje miljøtiltak som kan fjerna ulemper for bønder/næringsdrivande, leggja til rette for betre friluftsliv. Sjølv om det er mange krav, så er kvart einskild nokså smålåte. Det er heilskapen vi strevar etter, nemleg eit skikkeleg stelt vassdrag som ein kan vera stolt av og som fungerar best mogeleg for både busette her, og tilreisande.  
Grovt rekna har krava våre under kapittel 6. til 10. ein kostnad som er dekt av produksjonen i Evanger kraftverk i løpet av ei veke eller to – for ein 30 års konsesjonsperiode. Og ikkje ein einaste kilowatt-time går tapt. 
 
 
 
 
 
Vi kjenner Eksingedalen – med sine pluss og minus 
Eksingedalen Bygdaråd – det vil seie heile folket i Eksingedalen frå Gullbrå og ned til Høvik – vi har ein styrke som andre ikkje har: 
Vi kjenner dalen. Heile dalen. Med skinande sol når vêret er godt, og tidvis innstengt i delar av dalen når vinteren er på sitt hardaste. Vi kjenner også vassdraget, som av og til har sterkt nedtappa dammar når samfunnet treng vatnet vårt til millionar av kilowatt-timar. Og når vi så tek turistar og turfolk med på tur i fjellheimen her, så kan vi til og med forsvara og forklara elv med lite vatn og nedtappa magasin. Slik gir vi vårt bidrag til storsamfunnet, trass ulempene. 
Men det vi ikkje forsvarar for nokon, det er at elva til tider og på enkelte sentrale stader ser fæl ut, nesten som ei grøn fotballbane. Vi forsvarar heller ikkje at sau dauar når dei set seg fast ute i botnplantane som veks opp. Og vi tek avstand frå BKK sitt manglande bidrag til god fiskeforvaltning. 
Når vi kjenner alle sider av dalen så godt som vi gjer, så er denne uttalen om nye konsesjonsvilkår for Eksingedalsvassdraget/ Evanger kraftverk, også ei kunnskapsdeling med tydeleg bodskap om at no får regulanten verkeleg gjera det beste ut av restvassdraget vårt: Få vassdraget til å sjå betre ut enn slik som det har vore dei siste 50 åra. Det er fullt mogeleg, når det no er miljø som står sentralt. 
Denne uttalen er meint å by på kunnskapsdeling, og det er difor vi er tydelege og grundige på at vassdraget treng seriøse miljøtiltak for å bøta på skadane vi opplever og ser. Dagleg. 
 
 
 
1. Handlingsplan/tiltaksplan er heilt nødvendig 
Vi som lever med elva som næraste nabo, har eitt hovedønskje, og det kan enkelt seiast slik: 
BKK må påleggjast å gje kvalifisert og forpliktande informasjon om kva dei (årleg) vil gjera med elva nedanfor dei store demningane. Og informasjonen må omsetjast til handling.  
Ønskjet om og kravet om ein handlingsplan for elva 
Ekso har ein sterk bakgrunn. Sidan år 2000 har Eksingedalen Bygdaråd, og dermed folket i dalen, naturleg nok følgt godt med på kva som skjer i den synlege elva 
  
1.1.      Bygdefolket har måtta ta alle initiativ 
Gjennom desse til saman nær 22 åra, har BKK ikkje gjort eit einaste tiltak i Ekso utan at det er lokalsamfunna her som har kravd handling. Det er bygdefolket som har teke alle initiativ. 
Det gjeld: 
•    tilgroing i elva, både i områda Lavik/Flatekval, Bergovatnet og Trefallsvatnet.  
•    alt som har med fiskeforvaltninga i dalen å gjera  
•    forholdet til sterk kantvekst langs elveleiet 
•    påpeika eventuelle tiltak i dei få somrane der elva i øvre delen har gått tilnærma tørr 
•    enkelttilfelle med terskelskade i Lavik/Flatekvalområdet.  
•    og heller ikkje har BKK teke initiativ til å ordna opp etter opphopinga av massar frå anleggsarbeid, som til dømes i Trefallsvatnet, trass tydelege meldingar til kraftselskapet. 
Realiteten er uomtvisteleg slik at det er lokalsamfunnet i Eksingedalen som er gratis vaktmeister for regulanten for det som gjeld miljøet i og rundt elva. 
Reguleringa av Eksingedalsvassdraget er omfatta av noverande konsesjonsvilkår, standardreglement, i den grad det er relevant for ein gammal konsesjon, generelle reglar og krav om internkontroll/årleg miljøtilsyn, og etter kvart nye konsesjonsvilkår. 
Det er heilt urimeleg at det er bygdefolket som skal følgje med på om BKK gjer jobben dei skal i vassdraget, særleg nedom dammane, i høve til reglar og avtaler dei skal følgje. 
 
1.2.      Minstekravet er informasjon og planar for elva 
Det som er eit minstekrav er at BKK får pålegg om eller tek på seg ansvaret sjølv om å laga ein forvaltningsplan/tiltaksplan for elva. Kraftselskapet er pålagt årleg tilsyn med elva, men konkrete resultat på BKK sitt eige initiativ har ingen sett. 
Rullerande informasjon, med avklara ansvarsforhold og med plan for tiltak, må tydeleg flytta vaktmeister-ansvaret og informasjonsplikta over frå bygdefolket til regulanten.  
Kraftselskapet er ikkje på ballen på nokon av dei nemnde områda her, men må tvingast ut på bana i sak etter sak. 
Ein handlingsplan for komande vilkårsperiode er for Eksingedalen av høgste prioritet. 
 
2. Miljøtiltak i nye vilkår – Minstevassføring  
Minstevassføring er eit vanskeleg tema. Det krevst ein balansegang mellom eventuelt tapt energimengde på den eine sida, og naturoppleving og vassdragsmiljø på den andre sida. 
I det følgjande legg vi vekt på det visuelle – naturopplevinga – men tek ikkje med det som gjeld sterkt fagleg prega naturbiologiske forhold. Det sistnemnde er ei sida av saka der det må fagkompetanse til for å gje eit komplett bilete. Unntaket er derimot fisken i elva, der mange års erfaringar og den lokale fagkompetansen er sterk. 
Det er ikkje noko minstevassføring frå dei store damanlegga Askjelldalen og Grøndalen. Dette set sitt openberre preg på elva gjennom dalen frå Grøndalen/Gullbrå, til Ekse og vidare til Trefall-brua, der Ekso møter Norddalselva. Elva har i periodar svært lite vassføring. Frå Askjelldalen og ned til Trefall-brua er situasjonen for Norddalselva den same. 
I uvanleg tørre år, som sommaren 2021, strekkjer problemet med 
lite vatn i elva seg ned forbi Brakestad og heilt til Nesheim. Sjølv Bergo-fossen har altfor lita vassføring i dei aller tørraste periodane til å oppretthalde eit visuelt godt fossefall. 
 
2.1. Om lag opp mot 60 dagar i året er problemet 
Ut frå det visuelle kan minstevassføring gjera mest av seg og gje størst utslag på strekninga frå dei to store kraftmagasina og ned til og med Bergo-fossen.  
I ein normalsommar er elva ikkje tørr heile perioden frå midt i juli, august, og halve september. Men enkelte dagar kjem ein seg over elva tørrskodd nokre plassar. Sommaren 2021 var elva tilnærma tørr i seks veker, nærare bestemt frå Gullbrå til Ekse, til effekten av terskelen på Ekse gjorde seg gjeldande. 
Ei av sideelvene til Ekso endar i fossen Kvitastakken på Brakestad. Grovt rekna er halve vassføringa i denne fossen borte – då vatnet høgare oppe går inn i tunnellsystemet til Evanger kraftverk. Også her vil det vera aktuelt å vurdera minstevassføring i sommarsesongen, i månadene juli, august og september. 
 
Det er altså kanskje rundt 60 dagar i året i gjennomsnitt at elva treng påfyll. Dei andre over 300 dagane i året vil minstevassføring ha mykje mindre å seia. Når vi hevdar maksimalt 60 dagar i året som gjennomsnitt, så kan det i ekstreme tørrår kanskje vera behov for opptil 90 dagar, medan i våte somrar er det kanskje berre 30 dagar det er snakk om. (Sjå punkt 2.6 om kostnad/energimengde) 
 
2.2 Mindre å seia nedanfor Bergo 
Frå Bergovatnet til Nesevatnet (inntaket for Myster kraftverk) vil minstevassføring, sjølv dei nemnde 60 dagane på seinsommaren, ha mindre å seie for det visuelle – på grunn av tilsig frå sideelvar og tilsig på begge sider av Ekso nedover dalen.  
Synspunkta våre om verknaden av minstevassføring har nok den føresetnad at ein til ein viss grad må vera lokalkjend for å forstå heilskapen. For dei som ikkje er det, kan vi her samanfatta på ein annan måte også for å tydeleggjera:  
Det er den 11-12 kilometer lange strekninga frå Gullbrå/Askjelldalen og ned til Bergofossen som vil ha mest synleg nytta av minstevassføring. Frå Bergo-vatnet og nedover til Nesevatn som er ein lengre strekning, vil verknaden av minstevassføring gjera lite av seg. Den mest kritiske perioden for vassføring ovanfor Bergo til magasina, er altså maksimalt rundt 60 dagar i året, med unnatak av ekstreme år. 
2.3. Miljøtiltak i nye vilkår – mogeleg innsnevring av elveløp 
Med dei kjempestore vassmengdene som er teke vekk frå Ekso, vil minstevassføring ikkje vera nok til å gjenskapa ei visuelt levande elv i dalen. Eit tiltak som kan hjelpa på, er på flate og stille parti, særleg Gullbrå-Ekse mot Trefallsbrua, er at elveløpet kan snevrast inn for å få meir «synleg» fart på gjennomstrøyminga. Dette krev utgreiing og planlegging. Og handling. BKK har fått innspel om at dette kan vera aktuelt tema å greia ut, som eit supplement til spørsmålet om minstevassføring, men har ikkje gjeve noko svar. 
I dette området, Gullbrå-Ekse er det litt småfisk, ikkje akkurat noko for ivrige sportsfiskarar, men nok til hobbyfiske for born og unge nybegynnarar. 
  
I tørkeperiodar vert fisken no ståande i småpyttar, men det er begrensa med mat i slike periodar. Mestedelen av maten i elva vert transportert med rennande vatn. Ein vil tru det er mest fisk i hølen der terskelen er på Ekse. 
 
Både når det gjeld det visuelle, naturopplevinga og omsynet til den fisken som trass alt er her, vil minstevassføring i tørkeperiodar vera eit verdfullt miljøtiltak.  
 
2.4 Miljøtiltak i nye vilkår – rydding i elveløp for fiske 
Eitt område der elva synleg er prega av låg vassføring på sommartid er på strekninga frå Vegaskiftet (vegen til Haugen/Fjellanger) og ned til brua på Lavik. Her kan det vera eit verkemiddel å «bearbeida» elveløpet ved å snevra det inn, og til og med bruka mykje av steinen ute i elva til å danna kantsetjing. For det første kan denne sentrale og godt synlege delen av elva ta seg vesentleg betre ut i tørre periodar 
på sommaren, og i tillegg kan det her bli eit betre tilrettelagt fiskeområde. Ved å fjerne ein del stein i elveleiet, vil det også bli lettare vedlikehalda elveleiet om det kjem auka tilgroing også her. 
2.5. Eksingedalen Bygdaråd med nøktern vurdering 
Bygdarådet har hatt ei grundig vurdering av dette med minstevassføring. Spørsmålet har vore om vi skulle lagt oss på same linje som mange andre høyringsinstansar, nemleg å gå inn for generell minstevassføring det meste av året eller til og med heile året. Våre eigne daglege observasjonar, anten vi er bønder som driv gardsdrift heilt ned mot elvebreidda, eller om vi køyrer gjennom dalen attmed elva på veg til skule og jobb, så har vi fått eit klart bilete av kva som er den reelle situasjonen. Ingen vitskaplege rapportar eller avanserte måleapparat er tydelegare enn det vi ser og opplever til dagleg. Dermed kjenner vi problema med elva, observert gjennom mange tiår. 
Ved å setja grense på minstevassføring, vanlegvis inntil 60 dagar i året, vil det gje eit bedre liv til elva der ho no skrantar mest etter reguleringa. Og det er i området Grøndalen til Brakestad/Nesheim. Det er her minstevassføring vil gje god gevinst. Sjølvsagt vil dette vatnet frå ei slik minstevassføring gå vidare nedover elva, men vil då berre utgjera ein liten del av den samla vassføringa nedstraums Bergavatnet.  
Perioden vi prioriterer, er også ein periode der krafta tradisjonelt har låg verdi. Det er ein periode som er etter den viktige snøsmeltinga som fyller magasina, og før det tradisjonelle haustregnet som er viktig for vinterkraft som samfunnet treng.  
Alt vatn er viktig for BKK, det veit vi, men vatn og kraft i den nemde tidsperioden er mindre viktig, året sett under ett. 
 
2.6. Minstevassføring tilsvarer 1 promille 
Realismen i Eksingedalen Bygdaråd sitt nøkterne krav om minstevassføring kan gjerast tydeleg. I BKK sitt tilsvar til NVE, er det gjeve opp at minstevassføring frå Grøndalsvatnet på sommartid vil utgjera eit produksjonstap på 7,8 GWh (=millionar kilowatt-timar). Dette er for fem sommarmånader. Det vi i realiteten krev, det er å sikra vatn i elva i to månader, då det etter erfaring er på det tørraste. Dermed er det snakk om under det halve GWh-volumet, nemleg 3,2 GWh.  her på toppen.  
Resultatet av dette reknestykket blir at minstevassføringsønskjet vil over tid kunna utgjera straks over ein promille i snitt per år. Det er ikkje mange tørre år, nemleg. 
For å trekkja talet ned til vårt eige nærmiljø her i dalen, så vert produksjonstapet under halvparten av det eit av våre lokale minikraftverk produserar. Ingen kan seie at det rokkar verken ved BKK sin økonomi, eller samfunnet sin trong for fornybar energi.  
 
2.7. Små kraftverk i dalen er pålagd minstevassføring 
Dei siste knapt 20 åra er det bygd tre minikraftverk og eit småkraftverk i Eksingedalen. Samtlege av desse er pålagt minstevassføring som standard krav. Det vil vera heilt uforståeleg om ikkje BKK i det minste skal bidra med såpass minstevassføring som vi her har skissert (pkt. 2.5 og 2.6) – grovt rekna til ein promille av Evanger-produksjonen. Den promillen må både BKK sine eigarar og det kraftbrukande storsamfunnet greia seg utan, for miljøet i lokalsamfunnet si skuld. Kraftmengda for minstevassføring tilsvarar med andre ord produksjonen av eitt av minikraftverka i Eksingedalen. 
 
3.0. Miljøtiltak i nye vilkår – tilgroing  
Tilgroing i vassdraget er eit velkjent problem, og er godt dokumentert frå tidleg i 1990-åra og opp til no. Både NVE, Fylkesmannen (Statsforvaltaren), Eksingedalen Bygdaråd, Vaksdal kommune og biologi-fagmiljø har vore delaktige partar og ekspertar i saka.  
 
I det store og heile er alle desse nemde einige i at det tidvis ser skikkeleg ille ut, og at reguleringa av vassdraget bidreg til å gjera situasjonen verre enn om vassdraget ikkje var regulert. 
Det er ingen andre enn BKK som har divergerande syn på problemet med tilgroing i vassdraget. Gjengangarar i påstandane frå BKK er at  
•    Dette ikkje er BKK sitt ansvar 
•    Det gror til også i uregulerte vassdrag 
•    Det må lagast spleiselag for å rydda opp, og lokalfolket må vera med og søkja pengar 
•    BKK set ei grense (300.000 budsjettkroner) på kva dei bidrar med årleg no. 
•    BKK har sett problemet med tilgroing tidleg, men «vi venta på at andre skulle ta opp saka». Det var det selskapet svara NVE i 2010/2011 då Miljøavdelinga i NVE kalla BKK inn til møte. 
 
3.1. NVE har ikkje friteke BKK for ansvar 
NVE ved Miljøavdelinga har utdjupa sitt syn ovanfor BKK, og det er tydeleg, fritt samanfatta slik: 
Jo da, det gror til i heile landet, og spesielt i Sør-Noreg, både i regulerte og uregulerte vassdrag. Men i Ekso har den sterkt reduserte vassføringa gjeve ekstra fart på tilgroinga. Det ansvaret kan vi ikkje frita BKK for. 
Den mest relevante fagrapporten, sett på som ein referanserapport som er tungt sitert, om temaet tilgroing er NIVA-rapport 0-90136 med prosjektleiar Tor Erik Brandrud. «Tilgroing med vannvegetasjon i terskelbasseng i Eksingedalselva, Hallingdalselva og Skjoma. Omfang, årsak og tiltak». Rapporten er omfattande, men problemstillinga for Ekso er i særleg grad omtala på rapportsidene 26-29.  
Her heiter det m.a.: «Regulering og terskelbygging synes entydig å være årsaken til den kraftige planteveksten omkring Lavik og enkelte andre steder i vassdraget». 
Det som gir denne rapporten svært høg grad av tillit og tyngde, er at han samanliknar 
Eksingedalsvassdraget med Hallingdalselva og Skjoma (og Otra) som har dei same problema. 
Det heiter vidare i rapporten: «Mønsteret for tilgroing er meget likt det vi har sett i terskelbassengene i Otra og Hallingdalselva knytt til bukter med høy organisk sedimentering og til terskelbasseng som er vide, med store grunt-arealer og et opprinnelig innsjøpreg.» 
Eksingedalen Bygdaråd ser det ikkje nødvendig no å gå nærare inn på årsak og omfang av tilgroing. Vi vil berre understreka tilliten vi har til NVE/Miljøavdelinga si vurdering av saka, og til NVE sine klare uttaler til BKK. Der vert BKK beden om å gjera tiltak og årleg følgja opp problemstillinga, mellom anna gjennom å visa problemet tydeleg merksemd også gjennom m.a. internkontroll som kraftselskapet er pålagt med årleg befaring langs elva. 
 
      
3.2. Nei til vaktmeister-oppgåve 
 
I nye konsesjonsvilkår går vi sjølvsagt ut frå at tilstrekkeleg ansvar vert pålagt regulanten på ein slik måte at det ikkje skal vera opp til lokalsamfunnet i Eksingedalen å få BKK på bana.  
Det kan godt vera at standardvilkår, gamle og nye, for vassdragsregulering kan tolkast slik at spørsmål om tilgroing er ivareteke i generelt regelverk. Men i så fall er det ikkje nok for BKK si tolking, all den tid selskapet set sine eigne grenser for kva som skal gjerast. Krav om handling må til, tydeleggjort i nye vilkår.  
Utan spesifiserte pålegg til BKK om vedlikehald og opprydding av «gras» som veks opp, fryktar vi at vi framleis får rolla som vaktmeister og pådrivar for å få elva til å sjå skikkeleg og 
godt miljøforvalta ut. Det er ikkje vi som skal passa på BKK, men derimot forvaltningsmyndigheitene som må leggja rammene for kraftselskapet, og gje BKK ei oppfølgingsplikt som fungerer. 
 
3.3. Miljøtiltak i nye vilkår – vekst langs elvebreidda  
Elva nedover Eksingedalen får tilført vesentlege næringsstoff frå elvebreidda, som har god, aktiv og frodig vegetasjon. Elvebreidda til Ekso er altså ein viktig del av tilstanden i vassdraget. 
Dette er bakgrunnen for at det ikkje er høve verken for grunneigarar eller andre å meia ned kantvegetasjonen, etter eigen vurdering. Kva som skal reknast som kantvegetasjon er ikkje presis fastsett, men gjennom munnlege utsegner frå NVE sine fagfolk kan breidde på 15-25 meter frå elva vera eit godt utgangspunkt. 
For å tilfredsstilla synspunkt og krav frå NVE og Statsforvaltaren si miljøavdeling/ landbruksavdeling, vil det vera behov for ein plan for korleis vegetasjonen langs elvebreidda skal haldast balansert. 
Det er fleire omsyn å ta: Kravet til ein viss grad av vegetasjon ved elvebreidda, og ønskjet om å kunne sjå og visa fram flotte og av og til fantastiske deler av elva når vassføringa nedover dalen er god. Fylkesmannen, no 
Statsforvaltaren i 
Hordaland har gjeve tilskot til eit prøveprosjekt for få år sidan, nemleg nedhogging av tre og busker mellom fylkesvegen og 
Fossfossen/ Storeglupen. Det vart gjennom søknad og tilskot frå 
Fylkesmannen lagt vekt på verdien av naturoppleving, også med fokus på reiselivet.  
Resultatet vart ei imponerande «utpakking» av ein av dei flottaste fossane her. Men mangel på plan for slikt arbeid førte med seg usikkerheit lokalt om kor langt ein skulle gå, på ein skala for lettare uttynning til å meia ned vegetasjonen som om det var snauhogst. 
Ekso, rekna frå Gullbrå og heile dalen nedover, har 14 fossar etter den definisjonen som NVE brukar for kva som er ein foss.  
Mange av fossane er tildekt av nyare og tett vegetasjon og knapt synlege frå vegen som går langs elva. 
I eit så sterkt regulert vassdrag som Ekso er ein del av, er det av betydning at regulanten får pålegg om at det vert utarbeidd ein godkjent plan (frå NVE og Statsforvaltaren) for kantrydding, og at BKK har eit sterkt medansvar for å bidra til forsvarleg forvaltning. 
Ein må gjera det heilt klart at det er reguleringa av vassdraget og i tillegg BKK sine tiltak med til dømes tersklar, som har skapt nye elvebreidder mange stader i elva.  
 
Det er då urimeleg at grunneigarar skal følgja etter dei nye elvebreddene og påta seg sjølv ansvar for forsvarleg kantrydding her, inklusiv å arbeida fram offentleg godkjende planar og retningsliner for jobben. Igjen kjenner vi det slik at BKK med sin haldning og sine uttaler om saka, vil gjera bygdefolket til gratis arbeidande vaktmeistrar. 
 
3.4. Finansiering av opprydding 
 
Dei tre-fire siste åra seier BKK at dei har ein budsjettsum 300.000 kroner til å rydda opp i Ekso. Og så har selskapet gang på gang på gang teke opp at lokalfolka i Eksingedalen, med sine organisasjonar, må vera med på å søkja andre om pengar. Andre, det reknar vi som Statsforvaltaren (Landbruksavdeling/ Miljøavdeling), Vestland fylkeskommune, Vaksdal kommune og fleire til.  
 
Spørsmålet om å vera med på å søkja, er mellom anna teke opp i Fagrådet for Ekso, eit organ som BKK har teke initiativ til.  
 
Ingen av organisasjonane i Eksingedalen vil vera med på nokon form for pengeinnsamling. BKK har teke det meste av vatnet frå Ekso, og skuflar inn pengar i hundre-millionars klassen kvart år, utan andre kostnader enn 300.000 kroner året til dette, som BKK sjølv  regjerar over. 
 
Reguleringa av vassdraget har forverra den generelle tilvekst-situasjonen, og då får dei også ta konsekvensane av det utan å senda bygdefolket på pengeinnsamling eller driva kakelotteri for vedlikehald av elva. 
 
Det må heile tida vera klart at det er ingen som fritek BKK for ansvaret for auka tilvekst i Ekso. Dei einaste som prøver å frikjenna BKK, er selskapet sjølv. Om ein dveler ved eit årsbudsjett på 300.000, så er langtidsverknaden av dette ikkje god. I 2021 vart arbeidet med opprydding stansa då beløpsgrensa var nådd. Jobben med å ta vekk den nye tilveksten i elva vart stoppa dette året. Neste år neste må ein så ta tak igjen der arbeidet stoppa opp i år. Problemet med tilvekst vil dermed kunne aksellerera, og bli verre og verre for kvart år. 
 
Det er ikkje ei sjølvoppfunnen pengegrense i BKK sine budsjett som skal styra miljøtiltaka ute i elva. Derimot er det miljøtilstanden ute i elva som skal vera avgjerande. 
Det er det vel ingen som er ueining i. 
 
4. Fiskeforvaltning 
I konsesjonsvilkåra som Stortinget la til grunn i 1966, var det også ei rekkje tiltak for fisk og fisket i vassdraget, presisert i enkeltpunkt. Fram til om lag 1990 vart det sett ut litt yngel i fjellvatn, særleg Askjelldalsvatnet. Ikkje noko vart gjort i elva nedanfor dammane. Det var lokalsamfunnet i Eksingedalen, med fagleg støtte frå Universitetet i Bergen, som tok initiativ til det som skulle bli starten på skikkeleg fiskeforvaltning i det regulerte vassdraget, i elva.  
 
4.1. Forverring for fiskebestanden har krevd tiltak 
Ved å ta vekk vatn frå elva, vart forholda for fisken dårlegare. Ein del av fisken sitt næringsgrunnlag forsvann.  
Då konsesjonen vart vedteken i 1966, gjekk ein (truleg feilaktig) ut frå at det måtte setjast ut fiskeyngel for å kompensera for naturleg tilvekst ute i elva. 
Stortinget hadde til hensikt også i denne saka å ta vare på Ekso som fiskeelv, både anadrom fisk, og innlandsfisken oppover i elva. Det går ikkje an å tolka Stortingsvedtaket annleis enn at det skulle takast vare på fisken. 
Resultatet av den gode viljen for fisken, vart stikk motsett. Elva, vatna og lonane nedover vart overbefolka av småfisk. Næringsgrunnlaget var for lite til at all denne fisken kunne veksa seg stor og interessant for elvefiske. 
Rundt år 2000 vart det så teke eit omfattande lokalt initiativ for å tynna ut yngelbestanden, der tynninga har variert mellom 10.000 og 12.000 på det meste, og vore nede i 1.000 dei siste åra , men rundt 4.000 i 2021. Det har vore brukt mange metodar for å tynna, som garn, elektroapparat med godkjenning, og også stangfiske. Tynningsarbeidet pågår framleis, rett og slett fordi det er nødvendig i ei delvis utmagra elv.  
Litt av fisken, inntil 2000 i året som offentleg løyve gjev høve til, vert så teken inn og fôra opp imellom seks og ni månader. Deretter vert fisken sett ut igjen som fleirårleg aure. 
Det er denne omfattande oppfôringsjobben som har fått fart på fiskeutviklinga i elva. 
Elva er det siste tiåret utvikla til å verta Vestlandet si beste aure-elv, og dreg til seg fleire hundre sportsfiskarar kvart år, mest i området rundt Lavik mot Flatekval. 
Dugnadsarbeidet som er gjort for å fremja fisket i Ekso – for det meste fluefiske – er konsentrert om  Lavik- Flatekval. Kultiveringsarbeidet er på nasjonalt plan tildelt Gullkroken, og er heidra med Vaksdal kommune sin Kulturpris.  
 
4.2. Godkjend fiskeforvaltningsplan  
I 2012 vart forvaltningsplanen sterkt fornya, då lokale krefter med Ekso Villfisk og 
Eksingedalen Bygdaråd i spissen, fekk laga ein omfattande fiskeforvaltningsplan, med vekt på fluefiske på strekninga Lavik-Flatekval.  
Forvaltningsplanen vart i 2012 formelt godkjent av Hordaland fylkeskommune, som ansvarleg myndigheit. 
Det vert utført om lag 2.000 dugnadstimar i året no, for å ta vare på vekstvilkåra for fisken, blant anna å leggje til rette for fritidsfiske, og få balanse i dei naturlege vilkåra for fisken.  
 
 
Gjennom lange og mange drøftingar og forhandlingar, har BKK frå 2011 gjeve støtte til arbeidet med fiskeforvaltning frå Nese og heilt opp til fjellvatna. Men i 2018 sa kraftselskapet opp avtalen om fiskeforvaltning, grunna med selskapet sin økonomi. I åra etter 2018 har BKK Produksjon AS stort sett fått økonomisk rekord-resultat, men skygger likevel bana, utan bidrag til fiskeforvaltninga. 
BKK har ikkje kome med forslag til tiltak for fisk/fisket i vassdraget etter at avtalen vart sagt opp. Kraftselskapet ville spara pengar. 
 Trass konsesjonsvilkår som skulle gje rammer for fiskeforvaltning, er dette ei sak som lokalsamfunnet åleine må driva fram. BKK sin haldning no frå 2018, verkar som om regulanten ikkje har ansvar for fiskeforvaltninga. Les ein konsesjonsvilkåra frå 1966, så er det heilt tydeleg at dette ikkje på nokon måte var Stortinget si hensikt. 
4.3. Uønska fiskeslag i magasina 
Då Skjerjevatnet i en del år hadde utløp mot Askjelldalsdammen, følgte også røye med. Denne fiskearten er uønska i både Askjelldalsvatnet og resten Eksingedalsvassdraget. Det er ikkje frå regulantens side sett inn tiltak – som faktisk er mogeleg – for å avgrense røyebestanden. 
Det er ei kjend sak at private sette ut røye i Skjerjevatn rundt 1953. Dei første åra Evanger kraftverk var i drift, vart det for fullt overført vatn frå Skjerjevatn til inntaksdammen i Askjelldalen. Her reknar fagfolk med at røye då følgde med ned i Askjelldalsdammen.  
I sitt tilsvar til krav om nye konsesjonsvilkår, skriv BKK. «Gjennom annen konsesjonsbehandling er det vurdert at verdien av regulerbar fornybar energi er større enn ulempen ved å flytte en art fra ett vassdrag til et annet». 
 
Dette er ikkje eit tillitvekkjande syn. BKK hoppar over det faktum at det er mogeleg å gjera noko med røyeproblemet som alt er i Askjelldalsdammen og kanskje i Grøndalsdammen. Eit av forslaga frå fagfolk er å setja ut stor aure her, noko som i det minste kan halda røyebestanden i sjakk. Liten aure vil venteleg bli fortrengt av røya, eller fungera som røyemat. 
 
Det går i alle fall ikkje an å setja røyeproblemet opp mot energiproduksjonen, og dermed frita seg sjølv for eitkvart tiltak. Det er å undervurdera lesarane, det som BKK skriv i sin kommentar, som også er eit offentleg dokument. 
 
4.4 Fiskeforvaltningsplanen må følgjast 
Den godkjende fiskeforvaltningsplanen frå 2012 er eit vedlegg til Bygdarådet sin uttale om vilkårsrevisjonen. Det som er ønskjeleg er at hovedtrekka i planen må følgjast opp. Det bør gjerast i ei form som tydeleg plasserer ansvar hjå regulanten, slik Stortingsvedtaket frå 1966 hadde til hensikt. 
 
4.5. Stopp vil øydeleggja alt for fluefiske 
Dersom den dugnadsbaserte innsatsen for å halda elva oppe som ei riktig god fiskeelv, no plutseleg vert stoppa, så reknar dei som har kunnskap med at elva, med fokus på fluefiske i Lavikområdet, vil vera over som aktuell fiskeelv om to til fire år. Gjenoppbygging til nivået i dag vil ta eit tiår, syner erfaringan 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
5. Trefallsvatnet – forverring 
 
  
 
Under bygging av dammar og andre konstruksjonar øvst i Eksingedalen, er det mykje slam og sedimenter som har gått i elva nedanfor dammane. Det første store «bassenget» på veg nedover elva er Trefallsvatnet. Her har massane som elva har teke med seg til det langstrekte vatnet, samla seg mest i heile vatnet, med unntak i elveosen der elva kjem in i vatnet.  
Ei gradvis oppfylling av finstoff på grunn av mindre vassføring enn før kraftutbygginga, pluss høgare snitt-temperatur har gitt ekstra god grobotn for plantevekst. Det har spesielt dei siste åra vore ein kraftig auke av flotgras i mest heile vatnet. Grunna sterkt redusert vassføring i elva, som igjen har ført til vesentleg temperaturauke, er det årsaka til negativ grobotn for plantevekst og gjer seg særleg gjeldande i eit langstrakt og delvis grunt vatn som 
Trefallsvatnet. Miljøtilstanden i vatnet med dagens vatnføring kan kun betrast med mekaniske tiltak. 
  
 
5.1. Ein halvmeter med steinmassar 
Det er spørsmål kor ein måler djupna på massane, sand og leireliknande. Men eit anslag kan vera at det er om lag ein halv meter med opphopa massar etter anleggsdrifta lenger oppe ui vassdraget. 
Folk som bur i området hugsar godt kor skitten elva var under utbygginga og i anleggsperiodane. «Skitten elv» betyr rett og slett av det har vore mykje finpartiklar i elva, og dette har avleira seg i Trefallsvatnet. 
 
Dette har gått ut over næringstilgangen for brunauren i vatnet, med det resultatet at fisken ikkje veks tilstrekkjeleg for sportsfiske, eller matauk for den del. 
Trefallsvatnet sin verdi, både som naturperle og fiskevatn, er heilt klart redusert som eit resultat av all anleggsverksemda. Miljøet i vatnet kan kun endrast med mekaniske tiltrak. 
Ei løysing kunne vera å heva terskelen nest i vatnet. Men det vil gje ulemper for jordbruksareal inntil vatnet.  
Den einaste gode og varige løysinga for Trefallsvatnet, er at det vert fjerna betydelege mengder masse for å vinna tilbake det som har gått tapt med den store oppbygginga av botn. 
 
5.2. Ei ikkje kalkulert ulempe 
Fisken som er i Trefallsvatnet no, kan vi karakterisera med at den er i dårleg kondisjon. Dette er ein konsekvens av at vatnet rett og slett er forureina av massar frå anleggsdrifta. 
Ved å rehabilitera vatnet, kan Trefallsvatnet som fiskevatn stimulerast og byggjast opp att. Det vil koste litt og ta litt tid, men resultatet kan vera lovande både for fastbuande, dei som leiger hytter og hus her i sommarsesongen, og for tilreisande sportsfiskarar i hovudsak frå Bergen. 
Det har vel aldri vore ein kalkulert konsekvens av kraftutbygginga at Trefallsvatnet skulle få så kraftig nedtur som fiskevatn, slik situasjonen er blitt i dag. 
Det er litt usikkert om dei negative konsekvensane er omfatta av det som BKK kallar «standardvilkår» og dermed er eit problem som må løysast innanfor dei noverande konsesjonsvilkåra. Om ikkje så er tilfelle, så må saka om rehabilitering av Trefallsvatnet inn i nye reviderte konsesjonsvilkår. 
 
6. Gjerdeplikt der elva er uttørka - forverring 
Mangel på minstevassføring frå Grøndalen og nedover mot Nesheim har også skapt negative konsekvensar i tørre periodar.  
I år, 2021, som eksempel, har rest-elva etter kraftutbygginga vore så tørr at elva ikkje har fungert som gjerde for beitedyr. Sauene har kunna gå over elva, noko som ikkje er ønskjeleg.  
På Ekse og Gullbrå har BKK gjerdeplikt langs elva for å bøta på dette. Dette er ikkje tilfelle lenger nede.  
Det gjeld området frå Ekse til Trefallsbrua. I tillegg kjem området frå Trefallsbrua til Trefallsvatnet. 
 
Ved låg vassføring fungerar ikkje elva som gjerde. Sau som er sleppt i Røyrdalen på vegsida kan krysse elv der, ta seg nedover dalen i retning Trefall, for så å kryssa elva att på 
Geitaneset. Då havnar dei på innmark. Sau som er sleppt på Ekse på sørsida av elva kan også koma til dette området og gå over elva. For å bøta på dette er det behov for gjerde på Geitaneset og mot Trefallsvatnet. 
Også i Norddalen frå Trefallsbrua i retning Beinhelleren er problemet det same. Eit gjerde dei 
første 300 metrane vil hjelpe på problemet.  
 
Også for dette temaet er det litt usikkert for oss om dette kjem inn under noverande konsesjonsvilkår, lover og reglar som BKK skal følgja, eller om dette spesifikt må takast inn i nye konsesjonsvilkår, kanskje i generell form som fangar opp nye liknande problem for dei komande 30 konsesjonsvilkår-åra. 
 
 
7.0. Miljøtiltak i nye vilkår – tilrettelegging av turområder / utsiktsplassar 
Dette punktet må sjåast i samanheng med punkt XX. Som nemnt har Ekso 14 fossar. Ein del av dei er svært synlege, som på Vetlejord, Flatekval og Botnabrekkene (Foss-fossen) og Bergofossen som dei største.  
For å ta vare på og visa fram dei kvalitetane vasssdraget faktisk har også etter reguleringa, ligg det godt til rettes for at det kan byggjast utsiktsplassar og rasteplassar på utvalde stader i Eksingedalen – gjerne spesielt knytta til fossane som er nemnde.  
Dette er fine miljøtiltak som etter dagens syn kunne vore naturleg del av både landskapsvern og landskapspleie i samband med moderniserte konsesjonsvilkår. 
Det vil vera mogeleg å inkorporere dette i ein plan for pleie av kantvegetasjon. Det er gode, kompetente firma som kan stå for utarbeiding av denne typen planar der miljøtiltak og naturoppleving kan gå hand i hand. Utgreiinga «Levande fosselandskap – Områdeplan for Eksingedalen» frå 2003, inneheld ein del tips om korleis ein kan tilretteleggja for å betra naturopplevinga i Eksingedalen – også med å by på betre presentasjon av naturperlene vi trass alt har i dalen.  
 
8.0 Miljøtiltak i nye vilkår – bruer for bønder og turfolk 
I samband med konsesjonen frå 1966 og konsekvensen av vassdragsreguleringa, vart det bygd nokre bruer over Ekso, til hjelp for jordbruket i Eksingedalen. 
Dei erfaringane ein har hatt sidan bruene kom, kan gjera det aktuelt med ei tilleggsvurdering no: 
 
•    På Ekse er det bru over elva. Denne er privat eigd no, og burde kome i same kategori som andre bruer. 
•    På Fosse nyttar ein delvis terskel og lågaste vassføring for å koma seg over til dyrkingsområda på «bortsida» av elva. Det gjeld både for transport av sau til sommarbeite, gjødsling av dyrka område, og transport av avling/rundballar tilbake til gardane. 
•    I området Trefall- Askjelldalen er det ofte vanskeleg å kryssa elva. Det gjeld både for turfolk som vil inn på Bergen Turlag / DNT sitt løypenett i Stølsheimen, og for sauedrift og sauesanking. Anten må ein nå bruka brua der anleggsvegen kryssar elva like nedanfor Askjelldalsdammen eller gå heilt ned til Trefall-brua for å koma seg over elva. Det er fleire alternativ for ei lita, men tenleg bru anten nedanfor dalen som heiter Kjelldalen, eller lenger oppe i Beinhelleren-området.  
 
8.1 .Bru på Bergo 
Ein av dei stadane i vassdraget der tilgroing har skapt ekstra store praktiske problem, er på Bergo. Tilgroinga der elva er nærast vegen, har auka på år for år no. 
 
fast grunn, og går utpå for å beite. To sauer har drukna her dei siste åra. Den tredje greidde bonden bokstavelig talt å massere liv i etter at sauen sette seg fast i veksten i vatnet.  
 
gode potensialet for dyrkingsareal og skogsdrift på «bortsida» av elva.  
Ei bru over Munkasundet kan også gje betre turmuligheter til dømes mellom Bergo og Nesheim. 
I tillegg til sauehald vert det på Bergo også satsa på turisme, gjennom til dømes kano-utleige. Sterk tilvekst i vatnet inntil land stikk kjeppar i hjula for dei unge som vil satsa på variert form for bygdeturisme. Det trengs ikkje noko utgreiing om korleis tilstanden er i den bustad-nære delen av Bergovatnet på sommartid, då alle kan sjå tilstanden med det blotte auga. Her har strandkanten grodd så mykje til at det er til hinder både for gardsdrift og turisme. 
 
8.2. Bru også for sikker straumforsyning 
Ein sidemerknad her er verd å ta med. På bortsida av Bergovatnet er det brytarar for høgspenningslinene som forsyner øvre Eksingedalen frå Nesheim og opp med kraft. Det har vore tilfelle av at BKK Nett AS sine folk skulle koma seg over vatnet for å nytta brytarane. Sidan isen over Bergovatnet ikkje har vore trygg, og linjearbeidarane tør naturleg nok ikkje å gå ned frå vegen over Nesheimfjellet til brytarane på grunn av frykt for snøras, har dei måtta gje opp tilkomsten. Ei bru over Bergovatnet kunne løyst vansken når isen er utrygg. Dermed er det ikkje berre av lokal interesse å få bru her, men også av vidare samfunnsinteresse for å sikra straumforsyning til øvre delen av dalen når vanskane er der. Konsernet BKK, som både har BKK Nett AS under sin paraply saman med BKK Produksjon AS, har dermed gevinst på å sjå heilskapeleg på dette temaet. 
 
8.3. Anleggsvegane – for turfolk og jordbruk/sauedrift 
I sitt tilsvar (juni 2021) til høyringa om nye konsesjonsvilkår melder BKK at dei vil knipa inn på tilgang og bruk av anleggsvegar. Dette seier selskapet er at sikkerheitsgrunnar, som til dømes småras som kan gje stein i vegen.  
Den lengste og truleg mest brukte i Eksingedalsvassdraget er anleggsvegen som går frå Trefall, opp Norddalen til Askjelldalsdammen, vidare til Skjerjevassdammen og endar ved Holskarddammen. 

Denne vegen er ikkje akkurat eit smykke i store delar av det som elles er urørt natur. Men når vegen først er der, og har vore der i 50 år, så er vegen av stor verdi. Det gjeld både for turfolk og for bøndene i dalen. Kvart år går det mellom 5.000 og 6.000 sauer på sommarbeite i fjellområda ovanfor Eksingedalen. Det er samlingsplassar for sauesanking ved vegen, og dermed vert vegen nytta til næringsverksemd i form av sauetransport. 

Vegen opnar også opp for turfolk som skal inn i Stølsheimen, med mange utgangspunkt og startstader for fantastiske naturopplevingar i denne fjellheimen.

Når BKK vil trappa ned vedlikehaldet av vegen, er det eit kraftig tilbakesteg for dei verdiane vi trass alt har som resultat av kraftutbygginga. Vi er på dette området faktisk i den situasjonen at nettoforteneste til regulanten kan gå på kostnad av næringsdrifta til bøndene i Eksingedalen.

Vi vil, så sterkt vi kan om det som gjeld anleggsvegane, be om at det vert slege fast i nye konsesjonsvilkår at anleggsvegane må vedlikehaldast slik at dei også i framtida vert brukande som no. Dette må vera ei «kontinuerleg» plikt for regulanten, i motsetnad til at BKK skal kunna stengja vegen etter eigen vurdering. Målet med ei fornying av konsesjonsvilkåra er jo ikkje å leggja hinder for bruk av naturopplevingar og husdyrhald, slik BKK varslar.

 

 

 

9. BKK har eit valg

I BKK sitt Revisjonsdokument frå juni 2021 (svar til NVE på revisjonskrava) blir vert tema etter tema om revisjonskrav drøfta. På desse 170-180 sidene med sine vedlegg, så finn vi ved lesing ikkje noko konkret tilbod frå kraftselskapet om miljøtiltak som dei ubetinga går inn for. 

Kravlista frå alle former for høyringsinstansar er lang. Konsesjonen er frå 1966. Etter over 50 år skal den fornyast, med serleg vekt på miljøtiltak for å bøta på ulemper og skader etter reguleringa for ein mannsalder eller to sidan.

Vi kan ikkje finna eit einaste tema der BKK svarar: Dette gjer vi!

Anten kan dei ri paragrafar, vise til standardvilkår, stikke av frå vedlikehaldet av vassdraget nedanfor dammane øvst i Eksingedalen, orsaka seg med at dei «ikkje har fått pålegg», og la vassdraget hangle og gå med halv vassføring og vere nøgd med kvar krone som kan sparast.

Eller så kan BKK framelske perla som Eksingedalen med Ekso verkeleg er. Stelle vassdraget, leggja mykje av elva open for oppleving og beundring, med tilgroing som vert halden i sjakk, godt utvikla fiskeelv, og og fossar som det meste av året gjev ei sterk naturoppleving. Ja til og med byggja ein spektakuler utsiktspost for naturoppleving, slik andre offentleg eigde instansar og selskap gjer.

Men nei. BKK velgjer konsekvent det første. Trass i at dei skriv på eigne nettsider at

«Vi bryr oss om miljøet i vassdragene og gjør mange tiltak utover konsesjonsvilkårene og andre pålegg fra myndighetene. Sammen med forskere, fiskeinteressenter og grunneiere får vi frem viktig kunnskap, slik at vi kan gjennomføre gode miljøtiltak».

Eksingedalsvassdraget er stort. Elva Ekso er over 45 kilometer frå sjøen og opp til Gullbrå med Grøndalsdammen, og med Norddalselva opp til Askjelldalsdammen

Det som er det spesielle med vassdraget og Ekso, er at vegen gjennom dalen ligg tett opptil elva. På lange strekningar er det berre 20-30 meter frå veg til elv. Det betyr at elva er synleg, med 14 fossar frå fjell til fjord.

NVE og Olje- og energidepartementet kan vel neppe tvinga BKK til å leggja godsida til der vassdrag kan pyntast. Men det kan eigarane, gjennom storeigar Statkraft og Bergen, andre eigarkommunar i fylket og Vestland fylkeskommune. 

 

10. Oppsummering - slik bør det bli

Hovudmålet med ei fornying av konsesjonsvilkåra burde etter vårt syn ha som målsetjing å ta betre vare på miljøet i dei områda krafta blir til. 

Det gjeld både litt vatn når øvre delen av vassdraget er tilnærma tørt, det gjeld opphoping av massar som i Trefallsvatnet, tilgroing der det er ei plage, fiskeforvaltning for å ta vare på Ekso med parti som Vestlandet si beste aure-elv og kantrydding langs delar av vassdraget. Og i tillegg kan dei meir spektakulære stadane ved elva, med sine største fossar, framhevast som dei naturperlene dei framleis kan vera.

Situasjonen for Eksingedalsvassdraget kan kort samanfattast slik:

Vatnet frå fjellområda over Eksingedalen vert gjort til gull for regulanten. 

Det skulle gje rikeleg av ressursar til å rydda opp etter seg og betra miljøet i rest-vassdraget.