Og det var GOD BINGO

Av redaktør fre 15.04.2022 - 21:42
Foto: Solfrid Urke Nese

 

Eksingedalen IL kunne endeleg ynskja velkommen til den tradisjonsrike påskebingoen att. Bingospelarar strøymde jamnt til, og det meste av plassane i gymsalen var opptekne ein halv time før bingostart. Flotte premiar vart oppsett, og på kjøkkenet var det rikeleg med kaffi og mat til alle dei 160 som møtte opp.  

Sveinung sveiva det heile i gong, og Magnar serverte den eine tørre vitsen etter den andre mellom alle tala og bokstavane! 

Og det vart mange gode bingoar!