Langfredagstur til Kvitanosi

Av redaktør lør 16.04.2022 - 21:52
Kvitanosi, 1433 m.o.h Foto: Jørgen Engdal Bergo

Mange legg turen til Kvitanosi til langfredag, ein dag ein er temmeleg sikker på å ikkje gå dit åleine. Det var stadig perlerekkjer av folk å sjå langt framme og langt tilbake. Føret var godt og det var lettskya, fint ver. På toppen var det nesten vindstilt, og mange sette seg kring varden i 14 - 15 tida. I år vart det tald 50 - 60 til topps.