Gamle åkle og mykje historie

Av Liv Anne man 25.04.2022 - 22:36
Torill Geelmuyden er fotograf for prosjektet.

I samarbeid med Nordhordland Husflidslag og Osterøy museum arbeider fire vevarar med ei bok om åkle eller bråkvitlar.

Marta Kløve Juuhl er ei damene som er engasjerte i prosjektet. Ho er godt forankra i veving, etter mange år som vevlærar på Garnes Vidaregåande skule. I tillegg driv ho eiga vevstove og har stor kjennskap til vevkunsten, kultur og historie.  Målet er no å laga ei bok for å presentera åkletradisjonar i heile gamle Nordhordland, «frå Fjon (i Masfjorden) til Fusa». Historikk, teknikkar, mangfald og samanheng skal presenterast gjennom ord og bilete. Av dei indre strøka som høyrer til i området er Modalen, Eksingedalen, Eidsland og Stamnes. I desse dalføra er det no gjort mange registreringar, både denne dagen og tidlegare. Og i prosjektet er det registrert mange hundre åkle.

Vevar Marta Kløve Juuhl gjer grundig arbeid med registrering

Anne-Mari Hannisdal er i dag med som «kjent person», men også fordi ho jobbar ved Osterøy museum. Ho skal syta for at det dei registrerer og dokumenterer vert teke godt vare på for ettertida  ved museet. Torill Geelmuyden er fotograf for prosjektet.

-Å laga bok er eit stort dugnadsarbeid, det er dei tre damene svært einige om. - Me er ivrige husflidsdamer, difor gjer me dette, ler dei!

Og dagen vart spennande. For det dukka opp mange slags åkle og bråkvitlar for registrering. Marta og Anne-Mari var nøye. Storleik, fargar, vevteknikk, mønster og kvalitet vart notert ned på skjema, saman med namn på eigar og bilete av teppet. Dei talde mønsterborder og prøvde finna fram til både renning og innslag. Nyanser vart diskutert, bestemt og skrive ned

Anne-Mari og Marta studerer og registrerer

Eit åkle er noko som kler noko. Det kan vera ei seng eller ein vegg. På eit åkle er det innslaget som dominerer, renninga i veven er det om lag umogleg å sjå att. Åklea som vart registeret i Eksingedalen var stort sett bråkvitlar. Ein bråkvitel er sengeteppe med border tvers over, vevd med skyttel.

Før i tida var det gjerne tjukkare teppe, med heimespunne garn og med heilt andre bruksområde enn teppa i dag har, fortel Marta og Anne-Mari. Og bruksområda endra seg etter alder på teppet. Dei eldste teppa kunne vera laga for å dekkja halmmadrassen i senga. Innimellom kunne dei aller grovaste teppa også bli brukte under halmen i sengene. På slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900 kom teppa opp på veggen. På denne tida var det gryande turisme, og teppe vart laga for sal.

Teppa vart brukte om att og om att, og kunne bil sydd saman med andre teppe eller andre stoff og enda opp som anten hestedekkje eller oppå potetlasset, fortel Marta.

Det aller mest spennande denne dagen var eit teppe som damene anslo til å vera 150 år. I dette teppet fann dei ei heil tekstilhistorie. Dei fann at renninga i dette teppet var av hamp, andre teppe hadde linrenning. Både hamp og lin var truleg heimedyrka i Eksingedalen, sa Marta.

– Gardar med namn som Linåkeren eller Linhammaren tyder på dyrking av lin, fortel ho. Innslag i dette teppet var både heimaspunne garn og shoddy. Shoddygarn vart mellom anna produsert på Dale Fabrikkar. Oppkjøparar reiste rundt og kjøpte opp gamle kle, som dei selde til produksjon av shoddygarn. Fibrar frå gamle klede vart spunne til nytt shoddygarn, stundom i blanding med andre innslag for å få brukande kvalitet.

-Ein slik gammal «kvetidl», eit ullteppe som dette, ber ei historie om nøysemd, seier Marta, mest høgtidleg. - Garn er brukt om att, og vevnaden er brukt om att og om att. Dette teppet er sydd saman av to teppe og eit ullstoff som ser ut til å komma frå eit skjørt. Det er bretta, lappa, samansydd og sikkert reparert fleire gonger. Sannsynlegvis har det enda i ei seng, oppå halmen.

Ulike uttrykk, fargar, mønster - og ulik bruk!

Godt nøgde drog dei tre damene vidare. I dag har dei registrert til saman 20 teppe, frå Stamnes, Eidsland og Eksingedalen.  Det er mange arbeidstimar att før det vert bok. Utan entusiastar som desse tre og resten av boknemnda, ville det nok aldri ha skjedd