Langt tog i fint maivèr i 2019
Endeleg er året "normalt" att, og 17.mai kan feirast i god tradisjon ved Eksingedalen oppveksttun. Sist det var feiring her var 2019, for dei to åra i mellom har vore prega av pandemi. Sist år var det rett nok ei kjekk alternativ feiring på Lavik, ved butikken, no er det kjekt å kunna samlast på oppveksttunet att.
Det heile byrjar klokka 12, med 17.maitog. Deretter er det tale av sambygding Lars Patterson og etter det kjem dravle og skråskiver, tebrød, brus og kaffi på bordet. Prisen "årets eksingedøl" skal også delast ut.
Vèrmeldinga lovar godt. Så det vert heilt sikkert kjekt å vera saman ute etterpå med leikar, konkurransar og smak av pølser, brus og is! Saman med bygdafolk og tilreisande gjester.