Eit hjarte for oppveksttunet i Eksingedalen

Av Liv Anne tir 10.05.2022 - 09:40
"Bli med og fyll hjartet!"

Tekst frå elevane: 

Me på Eksingedalen oppveksttun har laga ‘‘Eit hjarte for oppveksttunet i Eksingedalen’’. Me har laga eit blomsterbed forma som eit hjarte på skuleplassen. For å fylle dette hjarte med blomster vil me spørja folket i Eksingedalen om hjelp. 

Me vil lage dette hjarte for å symbolisera samhald, mangfald og fellesskap i Eksingedalen.  

Me hadde sett stor pris på om nokon vil donere ein staude. Altså ein blomst som kjem tilbake år etter år. 

De kan kan levere blomstrane på oppveksttunet seinast måndag morgon den 16.mai.  

Helsing alle på oppveksttunet.