"HIPP, HIPP, HURRA!" i Eksingedalen!

Av Liv Anne tir 17.05.2022 - 21:06
Eit staseleg 17.mai-tog. Foto: Arne Krumsvik

Mange glade menneske i alle aldrar møtte til 17.maifest på oppvveksttunet. Som alltid starta dagen med tog klokka 12. Og tradisjonen tru song alle både "Ja vi elsker dette landet" og "No livnar det i lundar", med Mari på fiolin som tonefølgje undervegs på turen. 

 

Og treng nokon ein stopp, stoggar heile toget opp!
Så var alle klare att!
Fremst i toget gjekk dei tre eldste elevane, med resten av skulen og barnehagen like bak. 

Etter toget var det samling i gymsalen med tale, meir song og god mat. Magnar Nese framførte talen for dagen, som var skrive av Lars Patterson. 

Seinare var det leikar, is og brus utandørs. 17.mai-komiteen hadde laga til mange kjekke aktivitetar, og konkurranseiveren var stor. Ikkje minst på 60-meteren, der dei med størst konkurranseinstinkt stilte med joggesko til byte for finskoa.