Omreisande med stjerner

Av Liv Anne man 23.05.2022 - 11:59
"Skulemannen" Torbjørn Urke vart minna om sine eigne første skuleår på skulepulten. Foto: Solfrid Urke Nese

Torbjørn Urke har reist rundt med stjerneteltet i over 30 år og formidla si store interesse for stjernene og himmelen over oss.

Kva fekk deg så interessert?

- Eg vaks opp på Urke utan å kikka på ei einaste stjerne. Ingen gjorde det av dei vaksne eg var saman med. Ingen snakka om stjernehimmelen. Så var det ein dag at me ungane leikte gøymespel. Eg og han Sverre, kameraten min, gøymde oss så godt at me ikkje vart funne. Me kjeda oss og byrja telja stjerner. Då oppdaga eg at det ikkje gjekk å telja alle stjernene eg såg. Det var starten for meg.

- I 1990 kjøpte eg stjerneteltet. På den tid reiste eg rundt med ein gammal bil, og fekk nokre kommentarar på at eg heller burde kjøpt bil framfor stjernetelt. Men, kjøpet av stjerneteltet har berika livet mitt til tusen! Alt er sjølvstudert, og eg lærer nytt heile tida. Og det er kjekt å oppleva at eg vert kopla til stjerneteltet av mange eg møter att.

I stjerneteltet får ein oppleva stjernehimmelen som me ser ei mørk natt, dei greske stjernebileta og dei samiske stjernebileta. Ein  får sjå at det er dei  same stjernene som er viktige bilete i ulike kulturar og historier. Dei tre himlane i teltet heng saman. På den greske himmelen syner dei seg; vassmannen, tyren, tvillingane og alle dei andre kjente horoskopfigurane. Og Torbjørn forklarer at bileta viser seg fordi det heng saman med jorda sin rotasjon og det ein ser på himmelen til ulike tider på året. Slik vert ein knytt til stjernebilete etter kva tid på året ein vert fødd.

Den samiske stjernehimmelen er det Torbjørn som har teikna ut og fått laga til, til stjernetelt i heile verda. Samane lever i nær kontakt med naturen og har eit nært forhold til lyset på himmelen. Deira stjernebilete speglar det dei har levd av og vore opptekne av. Her finn ein Sarva, som er reinen/elgen, jegerar og jaktreiskap mellom stjernebileta.  Torbjørn fekk interesse for dette, og kom i kontakt med ein svensk teolog som hadde skrive doktoravhandling om samiske stjerneteikn. Torbjørn fekk tilgang til dette materialet, og slik fekk den samiske himmelen plass i stjernetelt. Dette vart for første gong vist fram på ein konferanse i Japan, sidan har Torbjørn fortald om den samisk himmelen både i Italia, Amerika og i Polen. Han har vore på ei rekkje konferansar – og no er den samiske himmelen i bruk av andre også. Mest nervøs var han då han skulle visa fram den samiske himmelen i Sameland. Men det gjekk godt.


- Eg vart omfamna der med Sarva, smiler han. Sarva er den samiske himmelen sin viktigaste figur.

Undring og glede - og litt spenning ved å gå inn i teltet. Foto: Eksingedalen oppveksttun

Torbjørn har reist mange mil med stjerneteltet sitt, og besøkt barne- og ungdomsskular, nokre vidaregåande skular og han har halde kurs for lærarar. Ei stund ynskte han nok å dela stjernetelt-jobben med andre, men fann ut at det var enklast å vera åleine om utstyret. Alt har han stått for sjølv. Den mest intense perioden var tre veker for «den kulturelle skulesekken», med opptil 6 timar kvar dag. I denne perioden hadde han lærarstudentar med seg.  Ikkje minst har han sjølv møtt eit mangfald av ulike skular i Noreg, med ulike kulturar. Ofte har han møtt ein entusiastisk lærar som brenn for det ho eller han driv med. Og han har sjølv plukka med seg svært mykje av pedagogiske tips og triks på sine besøk.

–  Å fara rundt på skular er nyttig for ein lærar, legg han til.

- Eg har stor glede av å visa Karlsvogna, Orion og Orions belte slik at elevane kan finna det att og sjå det på himmelen ute. Og så er det viktig at dei veit forskjell på stjerner og planetar.

I Eksingedalen har Torbjørn vore med teltet mange gonger, ei tid fast kvart tredje skuleår. Takka vera familie på Brakestad og dotter i jobb på skulen. 

- Me vart så heldige å få familie der. Her kjenner me oss heime, smiler Torbjørn.

Barnehagejentene på veg inn i stjerneteltet. Foto: Eksingedalen oppveksttun

Ein gong lærar, alltid lærar.

- Eg er ivrig og vil gjerne formidla det eg syns er spennande. Det er ein styrke, men òg ei svakheit. "Må hugse at alle ikkje vil bli lært noko heile tida", seier kona mi, som også er lærar.

Torbjørn har vore lærar i barneskule i 20 år, deretter undervist på lærarutdanninga i Volda i 20 år. No har han hatt menge gode pensjonistår.

- Eg er heldig som har fått ein heil dose pensjonistår, 16 gode år. Eg har rikeleg tid til å skriva og til å formidla. Eg skriv m.a. fast om stjernehimmel i «Nytt i uka» i Ålesund, ei avis som kjem ut i med opplag på 40 000.  

 

80-årsdag i Eksingedalen.

No trappar Torbjørn ned. Teltet har vore i ro i to år på grunn av korona, før det vart sett opp i Eksingedalen på sjølvaste 80-årsdagen. Det vert vanskelegare å reisa no. Nattsynet, som ein er avhengig av inne i teltet, er ikkje som det var. Det same med finmotorikken til å styra instrumenta.

Han vil overlata teltet til nokon som kan bruka det, gjerne for å visa studentar.

Søndag 15.mai runda Torbjørn 80 år. Då vart teltet sett opp som ein del av feiringa av dagen.


- Dagen vart feira saman med folket mitt, på Brakestad. Nye i familien måtte òg få sjå stjerneteletet, seier Torbjørn.

- Dei overbeviste meg om det, og slik vart det, smiler han.

Dagen etter fekk alle på oppveksttunet gleda av stjernehimmelen. 
Om Torbjørn har runda sine 80 år, så er kunnskapen og entusiasmen godt på plass.

Det fekk borna i barnehagen, elevar og tilsette ved oppveksttunet i Eksingedalen oppleva.