Veg og breibandsfart i fokus

Av redaktør tir 24.05.2022 - 15:00

Årsmøte i Eksingedalen Bygdaråd vedtok at det skal arbeidast med desse sakene i året som kjem.

Vintervedlikehald av vegane i vårt område, som har namna Fv. 5410 (Evanger-Nesheim-Modalstunellen) og Fv. 5398 (Nesheim-Gullbrå). Brøytinga av vegen vert utført godt, det er eit tungrodd system når det gjeld strøing av glatt veg me ynskjer å få gjort noko med. Fleire utforkøyringar og bilar som har stoppa i autovernet denne vinteren, har gjort temaet aktuelt igjen. Folk i dalen vert oppfordra til å føre logg over vanskelege køyretilhøve, slik at det fins skrifteleg dokumentasjon å leggje fram. Loggen må innehalde dato og klokkeslett, stad/område og kva som er problemet. Dei områda som har dårleg vegdekke er vanskeleg å brøyte godt, ta difor med dette også.

Fossfossen. Når vassdrev frå fossen frys på asfalten vert det spinnglatt.
Bergo. Ein av mange stader Bygdarådet har varsla om til vegstyresmaktene.

På årsmøte vart det også diskutert kor mykje midlar som kan brukast på å kjøpe telefonkiosken som stod på Lavik. Her vart det gjort vedtak om å kunne bruke inntil kr. 15.000,- til dette formål. Det trengs difor ekstern finansiering for å kunne kjøpe kiosken som kostar kr. 26.000,-. Innhaldet i kiosken meinte årsmøte burde vera turistinformasjon/opplysning om dalen. Alternativt lesekiosk. Uansett innhald ynskte årsmøte at bygdarådet skal vera ansvarleg for innhaldet.

Riksantikvarens kulturminnepris for 2022. Dette er ein pris som Bygdarådet har nominert ein kandidat til. Og kandidaten er «Ljosheim v/husastyret». Bakgrunnen for nominasjonen er arbeidet som er gjort med vedlikehald og restaurering som er gjort på bygget. Denne prisen vert delt ut i november å år.

Det er klart for Eksingedalsmarknad att, datoen er 20. august.

Arbeidsutvalet ser slik ut fram til nytt årsmøte i 2023: Magnar Nese, leiar Frøydis Gullbrå Jørgen Engdal Bergo Lars Patterson