- Kom og ver med på prosjektet! De får vita litt om kor langt me er komne, og me vil gjerne både spørja og høyra om meir, seier damene som skriv bok.
Damene i boknemda har lese kjelder, lytta til kjelder, diskutert og skrive nokre månader no. Målet er å vera ferdig med ei bok innan 1.september, slik at denne kjem ut i god tid til jubileumet til Ljosheim i november. For då skal 125-åringen feirast.
Boknemnda ynksjer seg bilete, tekstar, gjenstandar og opplysningar. Alt som kan tenkjast av interesse for boka. Difor inviterer dei no til open ettermiddag i Ljosheim, med mål om å få vita endå meir.
Safen vert opna og dei gamle medlemsblada "Dølen" og "Fjellguten" var lagt fram til gjennomsyn.
- Kom innom til oss, seier damene. Som også lovar kaffi med noko innåt.