Sherpatrapper gjev standsmessig stølsveg

Av Liv Anne ons 15.06.2022 - 21:41
Sherpaene arbeider seg oppover til støls, frå Yksendalen

Sist haust la sherpaene 367 trappetrinn oppover stølslia til Yksendalsstølen. Arbeidet er imponerande, utan tvil gjennomført med både stor muskelstyrke, kunnskap og kompetanse. 

For turgruppa var dette tursøndag nummer 5 denne sesongen, og den siste organiserte turen i vår. Med turgruppa i idrettslaget er det ingen som går for fort - og ingen som går for sakte til å vera med! 

I august startar onsdagsturane opp att, og då håpar ein at fleire har lysst til å gå på tur saman! 

Vakre Yksendalsstølen, eit fint nær-tur-mål for sommaren