Hjortebur

Av Magnar søn 24.07.2022 - 16:28
"Hjortebur" på Binningsbø i mai.

«Hjortebur».
Dei som ferdast langs vegen i Eksingedalen har kanskje lagt merke til at det er sett opp industrigjerde på dyrka mark, som eit kvadrat. Desse er plassert på Binningebø, Flatekval (ikkje synleg frå vegen) Vetlejord og Høvik.
Desse skal stå ute eit heilt år for å synleggjere kor mykje hjorten si beiting har å seie for bonden sin økonomi. Arealet inni «buret» vert gjødsla med same mengde som det utanfor. Før bonden skal hauste gras på teigen, slår NLR Vest ei rute innanfor gjerdet og ei rute utanfor gjerdet. Desse rutene er like store slik at det går an å samanlikne avlingsmengd og kvalitet på graset..

Grovfôrkvalitet.
Kvaliteten på graset som vert hausta er viktig for all husdyrproduksjon, men i mjølkeprodusjonen er det spesielt viktig. Godt grovfor gjer at det går an å redusere kraftfôrbruken, og dermed også behovet for importerte proteinkjelder. Soya er eit døme på ei importert proteinkjelde. Det har i mange år vore fokus på å dyrka eit godt grovfor. Hjorten si beiting på innmark forringar kvaliteten på grovfôret, og er difor ei økonomisk belastning for bonden. Og dess ferre bønder, dess større utgifter pr. bonde.

Levedyktig og frisk hjortesamme.
Slaktevektene på hjorten har gått betydeleg ned dei siste åra, det viser fellingsrapportane frå fleire kommunar. Bønder i Eksingedalen har registrert aukande beiteskader på innmark, og at hjorten opnar og et innhaldet i rundballar som ligg på usikra lagringsplassar. Gjennom forsøket med hjortebura ynskjer ein å dokumentere skriftleg at behovet for å redusere hjortestamma er reell. Ei betydeleg mindre hjortestamme med større dyr som samstundes finn maten sin i utmarka bør vera ynskjeleg for alle. 

Fri avskyting av hjortekalv.
Det er ikkje berre i Eksingedalen at hjorten har vorte eit problem. Eit tiltak som er sett i verk er kvotefri avskyting av hjortekalv. Dette er ei ordning som er ny av året, og som kommunane kan søkje Miljødirektoratet om å få praktisere. Etter ei prøveordning i tre vestlandskommunar er dette ei ordning ein ser på som effektivt for å redusere hjortebestanden.

Relevante artiklar: fagartikkel