Fest med fordums tid som bakteppe

Av Magnar man 10.10.2022 - 15:25
Veggane i gymsalen var dekka med skulen sitt liv frå starten i -72 og fram til no.

Kr. 50.000,-
Denne summen vart avgjerande for at det kom ny skule i dalen. Dalen stilte med desse midlane, same sum som Vaksdal kommune løyvde. I tillegg kom fondsmidlar frå kommunegrenseendringa i 1964 som utgjorde byggekostnadane på kr. 500.000,-

Også i sofagruppa vart det fullt, 94 personar var innom på festen.

Dokumentering.
Veggane i gymsalen var dekka av bilete og historie, samt elevarbeid frå nyare tid. Og i inngangspartiet var pultane frå gamleskulane plassert. Så her kunne ein vandra i skulehistorie frå meir enn 50 år.

Born og lærarar på scena med ordførar Hege Eide Vik som gjest.

Også barnehagen vart feira. Den har 30-årsjubileum. Samstundes vart det bygd eitt ekstra klasserom og arbeidsplassar til lærarane. Frå då av var det plass til alle borna i dalen på ein plass. Namnet var då Eksingedalen skule og barnehage.

Eksingedalen Oppveksttun er no namnet. Dette vart markert i 2021 då barnehagen starta opp att etter 10 års pause.

Nokre av rektorane som har vore ved skulen: Harald Lundestad, Willy Mangersnes, Veslemøy Bergo og Liv Anne Bergo
Elias og Robert får gåve til skulen og gode ord frå Ann Kristin Bolstad

Frå oppvekstsjefen i Vaksdal kommune vart det peika på at Eksingedalen skule/oppveksstun er framoverlent i måten å undervisa på. Det vart vist både til Nysjerrigperprisar og rask innføring av nye læreplanar.