Handle lokalt-dag på nærbutikken

Av Liv Anne man 17.10.2022 - 20:46

Heile dagen kan du handla lokalt, og klokka 15 byrjar det òg aktivitetar ute. Hege og Kawe lovar varme på bålpanna og pølser til dei som har lyst på det. 

- Ulike aktivitetar vert det òg, så eg håpar mange kjem, smiler Hege. 

Den vesle nærbutikken er viktig for Eksingedalen og for alle som besøkjer dalen. Å handla lokalt er difor noko eksingedølane alltid må tenkja på, og denne veka vert det markert med "Handle lokalt-dag" på småbutikkar over heile landet. 

Kampanjen til Merkur-programmer fokuserer på kor viktig butikken er både som møteplass, servicesenter og salsstad for daglegvarer. Målet er å redusere handels-lekkasjen og stimulere til meir lokal handel. Lokal handel er ei investering i eit levande lokalsamfunn.