Den lokale butikken er best!

Av Liv Anne lør 22.10.2022 - 21:43

Å handla lokalt er ekstra viktig når det bur så få knytt til butikken som det gjer i Eksingedalen. I Eksingedalen er folk flinke til å støtta opp om butikken sin. Med døgnopen butikk kan ein velja heilt fritt kva tid ein vil handla, så kanskje var det ekstra kjekt å vita at ein kunne treffa fleire på butikken på "handle lokalt-dagen". Folk hadde god tid og kosa seg i det fine haustveret. 

Ein konkurranse var å teikna den fianste teikninga av Bjarte, kven som vart vinnar vert nok publisert på butikken.

Det vart òg delt ut lodd til alle som handla for over 500 kroner. Premie er varer frå butikken. 

Ungdomsskulegutane nytta høvet til å selja både vaflar og sokkar til inntekt for skuletur med "Dei kvite bussane" til våren. 
To gode veninner frå Gullbrå er alltid på plass når der det skjer noko i Eksingedalen