Ljosheim,125 til glede for Eksingedalen!

Av Liv Anne lør 05.11.2022 - 08:40
Ljosheim hausten 2022. Dronefoto av Nese Media.

November er ein spennande månad i Ljosheim og Eksingedalen. No skal det feirast at det staselege og ærverdige grendahuset fyller 125 år. Huset stod ferdig i 1897, reist som eit ungdomshus, og Ljosheim er av dei eldste ungdomshusa i Noreg. Ljosheim er no grendehus for heile Eksingedalen.  

  Drivkraft i Eksingedalen – ei soge om korleis det gjekk til 

Torsdag 10. november vert det bokslepp i Ljosheim. “Drivkraft for Eksingedalen” er tittelen, og boka handlar om ungdomslagsarbeid i dalen, om bygging av Ljosheim, og om folket som fekk det til. Alt er spegla ut frå tida, slik samfunnet var organisert her frå 1880 og framover til nyare tid. Boka er fylt med hisoriske skattar, dugnadsånd, kunnskapstørst og fridomstrong. I kapittelet “Eksingedalen på veg mot eit moderne samfunn” kjem det fram korleis nasjonale straumar i tida, bøker, språk og kultur har prega Eksingedalen, vert sett i samanheng med det som hende nasjonalt.  

“Bogforeningen i Flatekv sogn” vart skipa i 1881. I ei tid der alvor og pietisme rådde stifta læraren i bygda, Nils Nygård, denne bokforeininga. Ungdommane samla seg til opplysning, diskusjonar og sosialt samvere, og dei sette i gang med å byggja ungdomshuset Ljosheim på Flatekval. Bokforeininga var forløparen til ungdomslaget Dølalaget, og er av dei første boklaga og ungdomslaga som er skipa i landet.  

Samstundes, på 1890-talet, skipa dei også ungdomslag i øvre delen av Eksingedalen, og dei deltok på stemne og i ungdomslagsarbeid utanfor bygda. Folket i Eksingedalen var tidleg ute med dette. Og endå tidlegare til å skaffa seg impulsar for å gjennomføra. Før dette hadde folk frå Eksingedalen vandra saman med Hans Nilsen Hauge, gått på folkehøgskular og teke med attende det dei møtte utanfor.  

Møteprotokollar og medlemsblada for begge ungdomslaga er saman med andre forteljingar grunnlaget for boka. Boknemnda har hatt fleire møte med dei som hugsar lengre bak i tida, og desse møta har vore stor inspirasjon til skrivinga. Under arbeidet med boka vart det heilt klart for skribentane at “Drivkraft” måtte vera eit sentralt ord for framdrift i bygda gjennom tidene! 

 

  Vevroser til inspirasjon til ny design

Same dag som det er bokslepp vert det også “slepp” av strikkemønster. Utsmykking av Ljosheim er eit tema frå boka, og eit par damer har laga strikkemønster med inspirasjon frå tekstilar i Ljosheim. Anna K. Flatekval, ho Skul-Anna, vov både sceneteppe og åklede til det nye huset. Ein del av sceneteppet er sett i glas og ramme, og borden frå sceneteppet har fått nytt liv i genserar til vaksne og born.

Sceneteppet sine fargar går også att i sogeboka, og har prega designet av boka. 

Laurdag 19.november vert det jubileumsfest 

- Finn fram festantrekket, gjerne bunaden, og gjer deg klar for ei skikkeleg markering av 125-årsjubilanten,seier Anna Sveinungsdotter Bergo, leiar for husastyret i Grendahuset Ljosheim.   

-Festtalar er Professor Jørn Øyrehagen Sunde, som også har vore til fagleg hjelp med boka. Mat for kvelden vert rømmegraut med spekemat og flatbrød, kaffi og noko attåt. Det er berre å gle seg  til talar, underhaldning og mat før me smell til med rockabilly med The Vossa Rebels og ope dansegolv!   - Å kunna feira Ljosheim på denne måten er stor stas, seier Anna.

Sidan 2019 har det pågått eit stort husvøleprosjekt i Ljosheim. Det er lagt nytt golv, nye reintbrennande omnar og nye pipeinnsatsar er komme på plass. Lekkasjar her og der er tetta, ny vegg med dør er sett inn mellom Vetlesalen og gangen. På kjøkkenet er det heilt ny komfyr, nye kjøleskåp og ny oppvaskmaskin. Salane har fått nye dører, og det er komme heilt nye bord og stolar i hus. Store delar av det elektriske opplegget i Ljosheim er utbetra, mellom anna med nytt sikringsskåp, lampar i tak og på vegg i Vetlesal og gang, og i vekene før bokslepp og jubileum kjem det nye lampar på scena og på veggen ute. Utandørs heldt ein på med det aller største prosjektet, som er vøing av taket. I to sesongar er det arbeidd med tetting av taket. All skifer er etappevis teke ned, taket er både retta opp tetta, og skiferen har komme opp att. I desse dagar er det arbeid med siste delen av taket. Inngangspartiet må venta til neste sesong før det vert ferdig.  

-Det har vore lagt ned enormt mange dugnadstimar for å få realisert alt ved denne omvøla også, seier Anna.

Og det er nettopp dugnad og drivkraft som har halde liv i både lagsarbeid og grendahuset gjennom meir enn 125 år.   

 

Nominasjon til kulturminnepris 

Grendahuset Ljosheim v/husastyret er i 2022 nominert til riksantikvaren sin kulturminnepris. Dette er ein pris som vert delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for bevaring og/eller restaurering av kulturminne, formidling av kulturminne, nasjonalt eller regionalt, bruk/gjenbruk og vedlikehald av kulturminne.  

 

1.desember: Barneteater i Ljosheim  

- Husastyret for Grendahuset Ljosheim kan gledeleg fortelja at me har fått booka teaterframsyning for born, fortel Anna. Torsdag 1.desember vert "Teskjeikjærringas jul" vert sett opp. Dette er ei koseleg juleforestilling som baserer seg på Alf prøysen si forteljing om Teskjekjerringa. Skodespelar er “Lys levende Adele”, som åleine speler heile stykket.