"Som å køyra på fløyel"

Av Magnar tir 08.11.2022 - 10:07

Det som no er ein del av Fylkesveg 5410 vart bygd som anleggsveg på slutten av 1960-talet. Seinare vart den fylkesveg. Vegen vart bygd med massar som fans på staden, og dei store steinane i veggrunnen har på grunn av frost og trafikk bevega seg opp under asfalten og endåtil gjennom asfalten. Parti av vegen har i mange år vore særs humpete. Dette har gått hardt ut over hjulstilling på bilar, men brøyteutstyret til dei som har vintervedlikehaldet har fått spesielt hard juling. Jobben med snøbrøyting har vore krevjande både for folk og traktorar. Det er difor ein lette å spora hjå entrepenøren at arbeidet som no er utført er gjort grundig.

Arbeidet med å leggje lag to med asfalt har starta på toppen av fjellovergangen.

Grunnarbeidet som har vorte utført er å skjera hol i asfalten og plukka opp store steinar og erstatta dei med egna massar. I Ormasetdalen vart alle massar i vegen erstatta på ein strekning på 400 meter. Stikkrenner er også bytt på nokre plassar. 

Oppbroten asfalt og steinane som er plukka opp er blitt malt sund og knust på staden og brukt opp att. På denne måten har ein spart mykje midlar. Alternativet har vore å transportera massane vekk.

Asfalten har vorte transportert frå Rådalen. Bilar med hengar har køyrt til Fadnes på Evanger, parkert hengaren der og køyrt for å tømma karmen i asfaltleggjaren. Deretter har dei tatt turen til Fadnes igjen og "kroka om". Det vil sei at karmen har blitt skubba av bilen, før ein så har drege karmen frå hengaren over på bilen. Så vart det ny tur opp Brekkhuslia til asfaltleggjaren og retur til Rådalen

Her blir det "som å bevega seg på fløyel"