Teskeikjerringa kom til Eksingedalen

Av Liv Anne tor 01.12.2022 - 21:52

Kva passar vel ikkje betre enn eit barneteater for å markera starten av førjulstida. Over 30 stykk samla seg i Grendahuset Ljosheim i kveld for å sjå teaterframsyninga om teskeikjerringa. 
 

«Det var en gang ei kjerring som la seg og sovna om kvelden, slik som kjerringer pleier å gjøre. Og dagen etter vakna hu, slik som kjerringer pleier å gjøre, men da var kjerringa blitt så liten som ei teskje, og det pleier ingen kjerringer å bli.»

Teskekjerringa har det frykteleg travelt. Det er så mykje som skal gjerast ferdig til jul! Men det er ikkje så lett å få alt gjort når ho plutseleg blir så lita som ei teskei. Denne koselege juleførestillinga baserer seg på Alf Prøysen si forteljing om «Teskeikjerringa på julehandel.»

Forestillinga var av og med «Lys levende Adele», Adele Lærum Duus.
Regi var av Annicke Gill og musikken av bror til skodespelaren, Hallvard Lærum.
 

Adele spelte sjølv alle rollene på imponerande vis. Borna følgde med og aldri har det vore så musestilt i grendehuset som då Adele opna den vesle boksen og tok ut ei teskei.

 

Ei koseleg, morosam og sprudlande framsyning, som ein gjerne kan sjå fleire gonger!

 

Tekst, for eksingedalen.no: Anna S Bergo