Fiberkabel heilt heim til eksingedølane

Av Magnar lør 10.12.2022 - 11:04

Mandag 5. desember inviterte Telenor til folkemøte i Ljosheim der planane vart lagt fram. Og her gjekk det frå orientering og direkte til handling. Dei frammøtte kunne nemleg teikna kontrakt der og då, noko som dei fleste av dei frammøtte frå dalen gjorde.

Allereie neste dag, tysdagen, starte Telenor sine folk også med husbesøk frå Brakestad og nedover for å inngå avtalar. Kvar husstand skal no få besøk på døra for å kunne gje sitt svarm og teikne kontrakt.

Dei siste åra har alle med nett-abonnement i Eksingedalen hatt trådlaust signal frå mobilnettet. Men datafarten har vore lav, stort settn berre 10 megabits. No vert både fart og kapasitet tidobla, og med endå større fart til dei som ønskjer det.

Tilbodet frå Telenor ved introduksjonen no, er null i tilknytningsavgift, mot vanleg pris kr. 5.000. Abonnementet det første året er på kr. 799 pr. månad, med ein del valgfritt innhald av TV-kanalar inne i pakka. Etter eitt år vert abonnementa overført til standard Telenor-vilkår der prisen vil avhenga av kva TV-pakker og hastigheit på nettet den enkelte vil ha.

Det er Telenor som er ansvarleg, og dermed skal levara signala til fiberkabelen. Eltel, som er ein av underentreprenørane, skal i løpet av dei næraste månadene beskrive den tekniske delen av prosjektet, og kalkulere detaljkostnader.

  • Men sånn det no ser ut, er pengane på plass. Vaksdal kommune bidreg med ein fjerdedel, og i tilegg kjem det statleg løyving gjennom Vestland fylkeskommune, via Nkom (Norsk Kommunikasjonsmyndigheit), fortel Oliver Gravermoen som representerte kommunen på folkemøtet.
  • Heilt sikkert at prosjektet kan realiserast, sjølv om alle detaljane ikkje er på plass?
  • Ja, det ser absolutt slik ut, ja, seier Gravermoen.

Det er ikkje snakk om nokon B-løysing for Eksingedalen sitt vedkomande, men full pakke. Det vil seie fiberkabel fram til kvart hus ved i hovedsak å nytta stolpane som har vore brukt til koparlinja som vart nytta til det gamle telefonsystemet. Ein del av stolpane skal skiftast ut der det er nødvendig, men mesteparten av stolpane kan brukast.

  • Men den løysinga og prisen vi går ut med no, føler vi at det er ei flott  og kjærkomen julegåve til Eksingedalen, seier dei to Telenor-representantane Frode Nyhammer og Remy Mjelstad. Det var denne duoen som presenterte planane på folkemøtet måndag.

 

Tekst og foto: Gunnar Hatland

Remy Mjelstad (t.v) og Frode Nyhammer, begge frå Telenor, kom med julegåva til Eksingedalen på folkemøtet i Ljosheim mandag: Fiberkabel heilt inn i stova til alle husstander frå Flatekval til Trefall.