Førjulstradisjon

Av Magnar søn 11.12.2022 - 10:11

I tillegg til tradisjonelle julesalmar introduserte Ruben oss for komponist Fartein Valen og hans bidrag til julemusikk med utradisjonelle klangar.
"Eg er so glad kvar julekveld" sungen av Kilden på folketone frå Eksingedalen innleia konserten. Arrangementet her var nytt for skribenten, og inneheld i tillegg til orgel og stemmene til Kilden fleire rytmeinstrument.

Tidlegare denne hausten var det songkveld i Eksingedalen kyrkje med salmar og dikt forfatta av Nils Lavik og Asvald Lavik. Desse salmane har fått korarrangement av Leif Tillung, og Kilden framførte nokre av desse på adventskonserten. Her har Ågot Lavik gjort ein stor jobb med å organisera og offentleggjera dette materialet.

Tilhøyrarane var også med på tre felles-salmar, og å tenna adventslysa. Alle fire vart tent denne dagen, til salmen "Adventstid" av Sylke Feldhausen.

Og, tomme benkar ropa etter folk.