Julefest!

Av Frøydis tir 27.12.2022 - 09:08

Kjem du på julefest på Ekse, veit du kva du får. Her står tradisjonane så sterkt, at det er akkurat det same programmet kvart år - kjekt og kjent. Vèret pleier også å vera ruskete - så også i år. Spegelglatte vegar på morgonen - kom seg litt utover med snø på isen.

Festen vart leia av Olav og når alle stolane var fyllt opp, musikar ordna - og notene henta, kunne me starta. Første del stemningsfull med julesongar, lesing av jule-evangeliet og julehistorie. 

Ingen fest utan mat. Julemat tek gjestene med, men her blir servert nydeleg heimelaga kakao og brus og kaffi. Under matøkt i kjellaren høyrest summinga frå pratelystne folk blanda med lyd av springane og hoppande føter frå festsalen oppe. Ungane har ikkje tid å sitje lenge med bordet. Dei veit der skjer meir oppe etterkvart. 

 

Stolleik-finale, dameklassen

Og jammen; etter maten er der rydda stor plass midt i salen oppe. Snart begynner leikane. Stolleik først, både, ungane, ungdommane og damene får kvar sine rundar. Konkurranse-instinktet er stort i alle heat. Kanskje verst hjå damene...

Det blir også tid til litt andre leikar, får treet blir drege fram, og folket samlar seg for nokre runder her. Nokon syng la-la-la, andre kan teksten, andre igjen får låne teksthefte med miniatyrskrift. Alt er lov. Fint blir det òg. Gamlemor må setja seg etter to songar, men har fått vore med. 

Plutseleg høyrest lyd av toradar frå gangen. Alle stoppar opp- og spenninnga stig....  Inn kjem der hoppande og dansande to nissar. Dei tek seg nokre rundar rundt juletreet før der blir utlevering av poser til alle som har vore snille i året som har gått. Og det er jammen alle, det. 

Knasking av posegodt og meir prat, blir til slutt avbrote av lodd-trekninga. Nokon var heldige, andre litt lei seg. Sånn er det.

No er festen slutt, me kan rusla ut att i snøføyka, ta med oss litt av godstemninga og gleda oss til neste år. Me veit kva me får.