
Good Time Charlie gjesta oppveksttunet i Eksingedalen, på turne med Den kulturelle skulesekken. Det er stas med eigen konsert, og ekstra kjekt å dela opplevinga med bygdafolket også. Som vanleg var det godt oppmøte, med nær 40 personar som publikum. Små og store let seg engasjera, med både song, rytme og dans.
Good Time Charlie er ei gruppe som har eksistert lenge. Bandet vart starta i Bergen i 1982 av vokalist og munnspeler Arle Hjelmeland og trommeslagar Bård Ose. Seinare har bandet hatt ei rekkje ulike besetningar, no med Hjelmeland som det einaste originale medlemmet. Bandet har gjeve ut totalt 11 album, og dei er nominerte til Spelemannspris to gonger. Engasjementet for å formidla rhythm & blues til eit yngre publikum har resultert i tre kritikarroste barneplater.
Og ei stor stund vart det iallfall for alle som fekk oppleva dei på oppveksttunet i Eksingedalen!

