Saueskinn vert til fine bruksplagg

Av Liv Anne tor 02.02.2023 - 21:50
Lærar Beate Solvik forklarer grundig og godt

Å vera på 20-timars kurs ei heil helg høyres gjerne litt travelt ut. Men, som lærar Beate sa: "No går vi inn i ei boble!" 

Å gå på kurs er sosialt, kjekt og godt. Damene var einige om at det å få sitja ei heil helg med eit så kjekt handarbeid nesten er litt uverkeleg. Denne gongen vart det sydd huer, tøflar av ulik slag, vottar og trykt på sitjeunderlag. Alt, sydd saman for hand. Kursleiaren hadde ei travel helg, det var mange saumar og teknikkar som skulle lærast. Å velja rett saum, øva på saum og samanføyingar er viktig om plagget skal bli fint - og halda seg ved bruk. 

Beate Solvik har halde kurs i Eksingedalen før, og det vart ymta frampå om det går an å få det til att fleire gonger. I 2022 gav ho ut boka "Vakre plagg av saueskinn", og ho heldt helgekurs fleire stader, m.a. på Raulandsakademiet. Beate er handverkar og syr mykje for sal. 

Foto: Beate Solvik