Skigruppa delte ut skimerke til dei fire som hadde notert kilometer og sikra seg gullmerket. Deretter heldt turgruppa fram med premiedryss. 24 medlemmar i idrettslaget har greidd kruset for seongen, og mange hadde møtt fram for å ta i mot.
Premiering var det også til dei som har fått aller flest poeng i fjelltrim-bøkene. Topp-premien i både eldste og yngste klasse gjekk til Nesheim. Haldis Øvstedal har sanka seg mest poeng av alle, og tre syskjen frå nabogarden delte førsteplassen i yngste klasse.
Heile styret i idrettslaget heldt fram. Leiar er Anna Sveinungsdotter Bergo, og med seg i styret har ho Aud Marit Brønstad Bergo, Knut Trefall, Magnar Nese og Sveinung Tyssen Bergo.
Styret la fram planar for etablering og bygging av "Bytebu" og Tuftepark på delar av fotballbana. Årsmøtet var posistive, og det vert jobba vidare med finaniseringa. Målet er å gjennomføra delar eller heile prosjektet i løpet av dette året.