Skirenn!

Av Frøydis søn 12.02.2023 - 09:02
Dei yngste er klar for start

Starten vart utsett ein time, for å unngå dei verste regnbygene, men kl 14 var folket klar til innsats. Dei yngste fyrst ut. Løypa var ein runde på vel 900 meter, realtivt flatt, men krevjande forhold med tungt føre og vasspyttar innimellom. Her kunne kvar deltakar sjølv velgje stil og tal rundar, men max 5. 

Dei aller yngste på under 3 år tok kortare variant, elles gjekk alle 1,2,3,4 eller 5 rundar. Sveitten kom fram, raudlet i kinna òg. Og hosten etterpå. Alt som det pleier å vere på eit skirenn. 

Litt varm saft etter målgang gjer alltid godt. Og litt prat om strategi og store fall og korleis forma skal betrast til neste gong. 

Takk til løypemannskap som tok jobben med å ordne løypa i regnet. Og takk til skigruppa som stiller og arrangerer.