Sol ute - straum inne!

Av Liv Anne ons 08.03.2023 - 15:07
Sola skein tysdag 7.mars – og inne i butikken var butikkstyrar Hege Lavik, saman med sin gode hjelpar og medarbeidar Bjarte Gullbrå. 

Det heile starta i sist i august 2022. Butikkstyrar Hege var fortvila. Ho fekk ei straumrekning på kr 35 000, som var 5 gonger høgare enn vanleg. Om slike rekningar skulle halda fram, ville Hege ikkje kunne greia å halda liv i butikken så lenge. Hege fortalde om saka si, først gjennom eit Facebook-innlegg. Det vart lagt merke til, TV2 kom først, deretter NRK og fleire aviser. Butikken i Eksingedalen vart til eit døme på kor ille det kunne gå, dersom slike bedrifter ikkje fekk straumstøtte.

I midten av september la Regjeringa fram ei tiltakspakke, til hjelp for råka bedrifter. Det var ei energitilskotsordning, der bedrifter måtte gjennomføra ei energikartlegging og laga ein plan for kva som kunne gjerast for å redusera energiforbruket. Her kunne ein gjennomføra tiltak, eller i det minste vurdera kva tiltak som kunne vera lurt. 

Hege var allereie i gang. Ho hadde før dette tenkt på at solceller på taket, det måtte vera tingen. Så tidlegare dette året, i januar 2022, hadde ho fått tilbod på solcelletak på butikktaket som vender mot sola, altså ned mot elva. 

I september tenkte Hege at ho vart nøydd til å få dette til. Ho tok kontakt med Merkur-programmet, og gjennom Merkur fekk ho lovnad om å få dekt 75 % av investeringane. Dermed sette ho i gang prosjektet. Samstundes heldt utgiftene med straumen fram, og Hege vart i tvil om ho ville greia dette å dekkja utgiftene sine. 

- Ordninga om straumstøtte vart utsett og utsett, og eg såg at dei siste 25 % ville eg ikkje kunne greia sjølv. Det vart for stor risiko. Folk var meir nøysomme når dei handlar og kuttar luksusprodukt, prisane auka og eg såg at omsetninga hadde gått ned siste tida., fortel Hege. 

Difor inviterte ho representantar frå Vaksdal kommune på besøk. Ho ville å visa dei butikken og høyra om kommunen hadde ordningar som kunne hjelpe henne. Ho ville at dei skulle forstå situasjonen hennar, og kvifor ho bad kommunen om økonomisk hjelp. 

- Kommunale representantar kom, Åse Eling Myking, Stian Reime og Kenneth Stokke. Dei forstod utfordringa mi, og kom med først idéar til meg om kva eg kunne gjera. Diverre vart forslag som ladar til elbil og toalettanlegg meir utgiftspostar enn inntekt for meg på kort sikt. 

Etter nokre søknader og litt fram og tilbake, snudde alt til det positive. Næringsfondet vart med på å fullfinansiera taket som Hege søkte om. Den gongen var det berre snakk om dette eine taket. 

I februar kom montørane. Hege fortel at då montørane kom, så spurte ho montørane om kva ho burde gjera med dei to andre taka på butikken. Ho fekk eit godt tilbod om solceller på resten av bygget, og slo til, omlag der og då. Alt var klart, stillas var oppe og folk på plass. 

-Og viss eg bestemte meg der og då, ville eg spara 270 000 kroner.  Eg var på nytt i kontakt med Merkur-programmet, som etter kvart tok 75 % av kostnaden med desse to taka også. No er eg spent på om Vaksdal kommune stiller vidare opp. 25.april skal søknad om støtte til resten av taket på nytt handsamast av kommunen, og eg håpar at eg får dekka dei siste 25 prosentane. For meg er det mykje pengar, som verkeleg vil styrka drifta mi. 

Solceller er dyrt, forklarer Hege. Det første taket kosta 240 000 kroner (utan mva) og dei to andre taka kosta 180 000 (utan mva), under føresetnad at det vart gjort som tilleggsarbeid.

- Dette er estimert til å produsera 17 000 kWh i året. Slik det har vore, så har eg brukt 70 000 kWh. Eg kan nok komma ned på 50 000 kWh i forbruk, med tiltaka eg har gjort, seier Hege. 
 

For Hege har investert meir for å spara straum. Ho har bytt ut 3 kjølediskar som brukar 46 % mindre straum enn diskane frå 2017. Temperaturen i butikken er skrudd ned og det er heller ikkje kjøling i alle drikkeskåpa.  I januar og februar har ho greidd seg med ein kjøledisk mindre. Det valet har ho teke, ut frå sesongen med mindre handel desse månadene. At det på sikt er ikkje er bra, er ho heilt tydeleg på. Med mindre plass vert det mindre utval, og det er berre aktuelt i veker med elles lite handel.

- Eg vel å satsa. Det er vinn eller forsvinn! Anten må ein satsa og våga, eller så går det ikkje, seier Hege.

Heldige Eksingedalen som har Hege med pågangsmotet, som nok ein gong går aller fremst med ny teknologi til det beste for butikken og lokalsamfunnet