Tur til Kvitanosi

Av Liv Anne ons 05.04.2023 - 19:47
Kvitanosi, 1433 m.o.h. Ligg i Voss kommune, fint turmål frå Eksingedalen.

Tradisjonen tru er det nok mange som går til Kvitanosi langfredag i år også. Vermeldingane er gode, skiføret er litt varierande i år.
Dei fleste startar mellom 10.30 og 11. Det er ikkje organisert fellestur, men mange som går! 

Ta vare på kvarandre! 

Og, det er alltid nokon ein kan gå saman med.