Folksom påske i Eksingedalen

Av Liv Anne man 10.04.2023 - 19:29

Med mykje snø og fin sol er det mykje skispor i fjella denne påska. Føret har nok vore varierande, og i desse fjella må ein laga sine eigne løper om ein er først på tur. 

Det er kjekt at mange nyttar høvet til å gå til Kvitanosi langfredag. Det er ein årelang tradisjon at Eksingedalen IL annonserer tur til det høgaste fjellet i Stølsheimen. Kvitanosi 1433 moh. Utover dagen var det rekkjer av folk å sjå, som perler på ei snor oppover mot toppen. Turen er lang for dei fleste, medan andre stadig når sine nye og raske rekordar. På denne turen helsar ein på alle, og ein tek vare på kvarandre.

 Og det er fint å oppleva godt samhald når noko oppstår.

Eksingedalen IL sin bingo skjærtorsdag er populær.  Då er gymsalen på oppvekstunet stappfull, og klasserom og gangar rommar også ivrige bingospelarar. Det er kjekt for idrettslaget at oppmøtet er så godt, omlag 180 møtte opp i år. Bingovitsane slo an, og bollar, kaker og heimabakst gjekk ned på høgkant. 

Og dei som vann, gjekk glade heim att med nyttige eller smakfulle premiar.  Takk til alle gjester som stiller opp og gjer slike arrangement hyggelege! 

Tradisjonen tru; to røynde bingovertar.
Nytt av året var "sufflør" som formidla bokstavar og tal innover i lokala.