Det skal bli bra, til slutt!

Av Liv Anne lør 15.04.2023 - 20:50

-Eg skal byggja opp att butikken. Men eg veit ikkje kor lang tid det tek, seier Hege, knappe tre veker etter den tragiske hendinga. Butikken er ikkje frigjeve enno, og det er mykje som ikkje er avklara. Politiet er ikkje heilt ferdige, krimteknikarar skal inn ein gong til. Deretter skal forsikringsselskap og andre gjera sine undersøkingar. Det skal sjekkast om det er utstyr eller maskiner som kan takast vare på som det er, eller fiksast. Så skal forsikringsselskapet rydda opp alt saman. Butikken står der, full av varer. Varelageret vert verdisett ut frå vareteljing i desember, og innkjøp og sal etter det. Verdien av varelageret vert ståande på konto til eg kan kjøpa inn nytt varelager.  

Hege er spent på brannårsaka. Ho reknar med at alt skal rivast, noko ho tenkjer er positivt når først så ille skulle skje. Ho hadde nyleg fått på plass solceller og redusert straumkostnadene med både solceller og nye kjøleskåp. No kan alt tenkjast på nytt, med mål om å vera energiøkonomisk. Midt oppi alt er Hege spent på forsikringsoppgjeret. 

-26.april er ein spennande dato. Då skal alt takserast, og eg får verdi på kva bygningen er verdt. Eg har valt å ta ut oppgjer frå forsikringa gjennom forsikringsskjønn. Det er fordi eg då kan bestemma meir korleis det nye bygget skal vera. Eg vil byggja det opp att slik som eg vil ha det. Den gamle butikken var frå midten av 1970-talet, no er det andre krav og andre ynskje for korleis ein butikk bør vera. Mykje var eg veldig fornøgd med. Det eg ynskjer spesielt å endra på er å få bygd skikkeleg toalettanlegg og laga til ein større kaffikrok. 

-Det er utfordrande med alt som skal bestemmast. Eg kjenner på angst, press og forventningar. For det er sin stor jobb å byggja opp, men endå meir å skulle gjera endringar. 
-Heldigvis har eg mange eg kan spørja om råd, mange vil hjelpa og har idear. Både butikk-kjeda og Merkur støttar meg mykje, men det er eg som må stå i alle vala. Dette vil ta tid. Om eg er mest optimistisk tek det eitt år. Det er ikkje umogeleg. Men, mest realistisk er det nok å tenkja 1 ½ til 2 år før det er ny butikk på Lavik. For å få dette til treng eg ein dedikert gjeng som står på og heldt fristar, som samarbeider godt slik at det går unna. Og før det skal det nye bygget planleggast og teiknast. Det er mange tankar som skal tenkjast. 

Butikken, eit midtpunkt i bygda.

Hege opna butikk på Lavik til påska 2017. Ho var av dei første til å ta i bruk ny teknologi slik at eksingedølane no er bortskjemte med sjølvbetent og open butikk alle dagar i året. I staden for å gje seg på grunn av store straumkostnader,  tenkte ho nytt for å spara straum. Solceller kom på plass i mars. Butikken var påskeklar og full av varer. Så gjekk det gale rett før påske, seks år etter oppstarten. 

Hege er ein evig optimist, ho gjev ikkje opp. Ikkje denne gongen heller. 

-Eg er optimist. Eg er slik at eg alltid vil gripa nye mogelegheiter. For dette er ei stor mogelegheit! Sjølv om det utfordrar meg – og eg misser litt nattesøvn for tida. Nett no har eg stor uro i magen. Uro for kva som gjekk gale. Uro for om eg får ut det som det kostar å byggja opp att ny butikk og ny stad å bu. 

-Nokon seier at «ein får ikkje meir enn ein skal tola» - så eg skal tola dette òg. No gler eg meg veldig til nyopninga!

Hege håpar aller mest at det står klar ny butikk til neste sommar. Då skal det feirast med skikkeleg butikkopning og «Eksingedalsmarknad-XXL», smiler ho. 

-Til den tid må folk eta seg ut av frysarane og tømma alle matlager dei har, stryka bunaden og gjera seg klare til storhandel! 

I sommar skal Hege og familien gjera ting dei elles ikkje har høve til. Ho ynskjer å leva lenge i fjellet, utan mobil, saman med familien sin. Aller helst på Yksendalstølen, som er den beste staden ho veit om. – Det skal bli ein god og annleis sommar, både for ungane, Kawe og meg. Og så skal eg kosa meg mykje saman med Gommor når ho kjem no. 

Når noko så tragisk skulle skje, så kan det ikkje vera betre stad å vera enn her i Eksingedalen. Folk bryr seg om oss, me opplever stor støtte. Eg har enormt mange vener, mange har eg fått nettopp gjennom butikkjobben.

– Akkurat no er eg ein sliten optimist som treng positive folk rundt meg. Men, dette skal gå bra til slutt! 

Hege legg til: «Eg kjem til å sakna alle menneska eg elles har sett jamleg. Den siste tida har vore fråverande og ikkje svara på alle meldingane eg har fått, men eg er evig takknemleg og set  stor pris på all støtte. Det blir drivstoffet som heldt meg gåande. Eg håpar å sjå alle saman, sjølv om eg no ikkje møter dei på butikken lengre. Og håpar det blir høve andre sosiale samkome for eksingedølane.»

 

Mor Liv Edith er god å ha, i alle slags dagar.

Dagen i dag, laurdag, har det vore stor dugnad. For å rydda, snekra og vaska slik at familien Hege og Kawe kan flytta inn i eit hus. Det var nesten som på TV, 12-15 personar rykka inn med brei kompetanse - og vipps vart det starten på ein heim!