Fin og tradisjonell feiring i Eksingedalen

Av Liv Anne tor 18.05.2023 - 18:18
Fremst i toget går oppveksttunet, med 9.klassingen Elias Bergo fremst.

Toget i Eksingedalen byrjar alltid på oppveksttunet og går dei 500 metrane til siste gard. Der er det ein stopp med allsong på plenen - og så går toget attende til oppveksttunet. Dei aller fleste var med og gjekk, og både 2- og 3-åringar heldt tempoet på eigne bein! Det er kjekt å gå i tog, og ei god kjensle av samhald.

17.-mai var ein kald dag, der snøbygene ikkje var langt unna. Helsigvis var opphaldsver under sjølve feiringa, me små glytt av sol.

Neste post på programmet var tale for dagen og matøkt i gymsalen. 

Talen for dagen vart halde av kommunaldirektøren i Vaksdal, Atle Fasteland. Han heldt ein personleg tale, samstundes som han også trekte linjer til kommunalpolitikk og demokrati elles. Han byrja med å fortelja om sine år i Eksingedalen, som han eigentleg ikkje var sikker på kor mykje han hugsa av. Åra hadde vore viktige for familien, der far og mor begge hadde fortalt mykje frå den tida dei budde på Skulehaugen på 1960-talet, og far Arthur var lærar både på Bergo og på Ekse. Fasteland nemnde spesielt  butikkfolka i Eksingedalen, og eit sterkt møte med dei i mars like etter brannen. Då forstod han m.a. at den lokale butikken ikkje berre er ein butikk. 

Atle Fasteland, kommunaldiretør i Vaksdal heldt festtalen.

Etterpå var det tid for alt det tradisjonelle ute, is og brus, pilkast, hestesko, skyting, 60-meter og leik! 

Stor innsats, som endte med finale i hesteskokasting.