Årets Eksingedøl 2023, det er Anna

Av redaktør tor 18.05.2023 - 18:46
Årets Eksingedøl 2023: Anna Sveinungsdotter Bergo

Heidersprisen vart delt ut av Bygdarådet. Anna fekk prisen for sin store innsats i Eksingedalen. Sidan ho flytta attende til dalen har ho vore aktiv i bygda, og utført mykje frivilling arbeid. Det vart trekt særleg fram at ho ivrar for å gje dei unge gode opplevingar med friluftsliv,  at ho både steller i stand dugnad og lett sjølv deltek på dugnad. Ho er i år leiar for to aktive lag, Grendahuset Ljosheim og Eksingedalen IL.