Utfor Bergofossen

Av Liv Anne søn 28.05.2023 - 12:21
Ruben J. Davidsen frå Dale og Thilo Mer frå Tyskland i god driv i Bergofossen

Det renga kraftig og Bergofossen hadde stor fart med mykje vatn. Og midt nedi fossen gjekk dei to padlarane for å synfara og finn fram til den beste løypa nedover.  

- Det er litt skummelt innimellom, vedgjekk kjærasten Reidun Naalsund, som stod oppe i bilvegen for å sjå på. 

Den tyske kjærasten, Ronja Mer, var iført redningsvest og kamera, og vandra fritt omkring nedi fossen. 

Dalingen Ruben J.Davidsen hadde padla her før.

 

- Bergofossen er internasjonalt kjend som "lake-to-lake", fortel Ruben. Padlarar frå heile verda kjem til Vossaområdet for å padle, og då er gjerne Bergofossen og Fossfossen i Eksingedalen høgt på lista, fortel han.

 

 

Padlarane fortel at det var det ei flott padleoppleving. 

- Det er andre gong eg padlar Bergofossen, seier Ruben, for Thilo er det fyrste gong.

 

Foto i Fossen: Ronja Mer