Saman med veninner har Sigrid Tyssen gått pilgrimsturar i heile åtte somrar. Det heile starta saman med veninna Solveig Østerbø. Dei to har vandra i lag alle dei åtte somrane, og etterkvart fått følgje med Jorunn Kleiva og Gunnhild Yttri. Alle fire er dei sjukeplearar, i alderen 64 - 69 år, to av dei er no pensjonistar.
Å gå er ein lidenskap for Sigrid. Alle kjenner "Tante Sigrid" i Eksingedalen, og alle har sett henne gå!
Det starta med Olavsleden, frå Oslo til Trondheim gjennom Gudbrandsdalen. Dei gjekk ei veke i året i fire år, til dei nådde Nidaros. Tilsaman hadde dei no vandra 643 km. Gudbrandsdalsleden var hovedvegen til Nidaros i middelalderen. Frå Oslo gjekk det to vegar, og sidan damene det første året hadde gått på austsida av Oslo, så fann dei ut at dei året etter måtte ta vestsida også. Dette året gjekk dei frå Oslo til Gjøvik.
Åra etter har dei gått delar av Valdresleden og Valldalsleden, og i sommar har dei fire damene gått Østerdalsleden, frå Tynset til Nidaros.
Pilgrimsvandrarane har i år skive reisebrev, etter oppmoding frå Nasjonalt pilegrimssenter.
Dette reisebrevet har også eksingedalen.no fått:
Vandring langs Østerdalsleden: Ni dagars vandring til Nidaros
Laurdag 15.juli 2023 starta fire vaksne damer pilegrimsvandring på Østerdalsladen, frå Tynset over Forollhogna og til Nidaros 24. juli. Vi er i alderen 64-69 år og bur i Bergen. Etter å ha vandra fleire pilegrimsleder i Noreg gjennom 8 år fall valet på Østerdalsleden i år, fordi det var ein ukjend landsdel for oss, og vi hadde høyrt at det var få som vandra der.
Turen var godt planlagt; rutebeskrivelsar og kart var på plass, etappane var bestemt, og alle overnattingar var tinga på førehand. Vi tok kontakt med det regionale pilegrimssenteret og fekk god hjelp derifrå. Østerdalsleden er utfordrande ved at det er mange overnattingar av det litt enklare slaget med sjølvhushald, og dermed må ein bera med seg ein del proviant, og vita kvar ein kan nå i butikk undervegs og handla. Vi bar alt med oss, og vi ville ikkje ha tyngre sekk enn max 8-9 kg. Vi måtte og ha med fullt fjellutstyr, regnponcho, paraply, laken-/lett sovepose og gode fjellsko med hæl.
Vi kom til Tynset med tog 14.juli og overnatta i campinghytte.
Dag 1 15/7: Tynset-Vingelens Gjestegård, 19 km.
Vi hadde godt ver og fylgde Gamle Allemannsvei, ein gamal kjerreveg, heile dagen. Det var deileg å starta vandringa og vi passerte vakker natur med setrar der kyrne beitte. Vi fekk og testa kunnskapane våre med å gissa namn på plantar vi såg. Vi kom til Vingelens Gjestegård i 15-tida, ein fantastisk flott historisk stad. Gardstuna bestod av flotte, gamle laftehus som låg i rekkje langs vegen. Vertinna tok hjarteleg imot oss, og vi fekk kortreist heimelaga mat: Karbonadar av naboens storfe med steikte nypoteter og nydeleg brokkolisalat til, og heimelaga sjokoladekake til dessert. Frukosten var og av beste sort, det vi m.a. fekk smake Eggen Gardsysteri sine muggostar. Det smaka fortreffeleg! Vi var dei einaste gjestene og tykte det var merkeleg at ikkje fleire har oppdaga denne perla! Mor til vertinna gav oss omvising i Kirke- og Skolemuseet neste morgon etter frukost. Ho fortalde om dei gamle kyrkjene og vi fekk sjå inventar som var samla inn frå dei. Dette sette vi stor pris på.
Dag 2: Vingelen- Dalsbygda, 20 km
Etter råd frå vertinna held vi fram på Gamle Allemannsvei til Dalsbygda, i staden for å fylgja leden, som var 28 km og litt myrete. Det var meldt regn, men det slo ikkje til, og vi fekk ei flott vandring der vi passerte fleire flotte setrar med kyraflokkar og nyslegne stølsvollar. Slike store fine setrar med engslått har vi ikkje på Vestlandet, så det var kjekt å sjå. Vi kom fram til Dalsbygda kl 14.30 og tok inn på Meierigården. Det er ein enkel overnattingsstad med sjølvhushald og lakenpose. Vertinna hadde låst opp kafeen til oss, slik at vi lagde oss mat og oppheldt oss der. Ho hadde og handla inn til oss på bestilling, så det tykte vi var god service.
17/7: Dag 3 Dalsbygda- Spelmovollen seter, 20 km
Denne dagen gjekk vi mest heile tida på grusveg i fint ver, forbi setrar med rundballar, kyr og sauar. Vi høyrde ulike fuglekvitter og brukte ein app på telefonen til å tolka kva fugl som song. Artig og lærerikt. Herleg å vandra slik, å kjenna gangrytmen og å bruka alle sansane til å ta inn naturen. Det er som om skuldrane senkar seg og alt fell liksom på plass.
Og så er det spanande: Kva møter rundt neste sving, bak neste topp? Vil veret halde seg fint? Treff vi på andre folk? Og kva ventar oss der vi kjem fram om kvelden? Verda vert liksom så lita med få bekymringar, men likevel så uendeleg stor der ein går og vandrar på naturen sine premissar. Korleis såg det ut her i middelalderen då det gjekk pilegrimar her? Og korleis såg dei ut eller hadde det? Tankane rek vide når ein vandrar slik og det kjennest godt.
Leden førde oss lenger og lenger mot fjellet, og kl 14.45 kom vi til Spelmovollen seter der vi hadde tinga overnatting. No hadde vi nådd porten til Forollhogna nasjonalpark. Vertinna Oddveig Eggen tok hjarteleg imot oss; ho hadde sett oss koma og rukke å tenna opp i peisen der vi skulle bu. Og for ein triveleg overnattingsplass! Veldig heimekoseleg med blomar i glaset, kvite blondegardin, åkle og ryer på golvet, og alt så reint og fint! Vi kjende oss velkomne frå fyrste stund. Oddveig hadde travle dagar med mjølking av 22 kyr, vasking og rydding, maling av hus, baking og å ta seg av pilegrimar. Ho var heilt åleine om arbeidet medan vi var der. I tillegg hadde ho open seter der tilreisande grupper fekk koma og sjå mjølking, separering o.l. I tillegg til oss fire kom det ein pilegrim til, ein ung tsjekkar som skulle sova der. Han snakka godt engelsk, så språkproblema var heller små. Vi fekk smake fersk setermjølk og heimebaka kake hjå Oddveig, som vi sette stor pris på. Vi vil framheve Oddveig for innsatsen hennar, gjestfriheita og omsorga ho viste oss alle. Ho hadde og omsut for korleis det gjekk vidare med oss på ferda, og ho fekk tilbakemelding. Spelmovollen er verkeleg ein flott stad og kan anbefalast på det varmaste.
18/7: dag 4: Spelmovollen-Storbekkøya, 29 km
Dette var den lengste og flottaste etappen, som gjekk over Forollhogna. Vi kom opp i nesten 1200 meters høgde. Vi starta tidleg, og veret vart heldigvis betre enn meldt. Det kom to byger, den siste og verste på det aller høgaste, og både poncho og paraply kom vel med. Høgfjellsnaturen var vakker med vidt utsyn over fjell, vatn og endelause vidder med slake, mosegrodde sletter. Vi gjekk på sti det meste av dagen, litt myr og stein og til slutt seterveg. På Storbekkøya Museumssenter venta vertinna Heidi på oss med rømmegraut og spekemat som var bestilt. Det var godt å benka seg kring bordet i matstova, og med god fyr på grua. Her gjekk grauten ned på høgkant. Det var råd å overnatta der, men vi hadde tinga plass på Klettheim samfunnshus 7 km lenger nede i Budalen. Dit køyrde vertinna oss etterpå. Samfunnshuset var stort, og vi var dei einaste gjestene. Sjølvhushald og sovepose, dusj og tørkemogelegheiter. Vi hadde det fint der.
19/7: Dag 5: Klettheim- Singsås, 21 km
Denne etappen er nokså myrete så det kom vel med å ha gode fjellsko med hæl, for det blei mykje hopping frå tue til tue. Likevel vart føtene blaute då det i tillegg dusjregna litt. Rasten tok vi i pilegrimsbua på Vardan. Den står open for pilegrimar, har gassbluss, vedomn og to køyer. Den er gratis, og heilt grei å overnatte i, men ein må ha med mat og sovepose. Vi gjekk mellom to karakteristiske vardar før nedstigninga mot Singsås starta. Vi møtte kun på folk som var lokale der. På slutten gjekk vi ca. ei mil på grusveg ned til Singsås, ei vakker nedstigning. Her handla vi før vi gjekk til Kari Maries Sommerresidens, der vi hadde bestilt overnatting. Ho leiger ut til fiskarar, men vi var så heldige å få bu i to tomanns-hytter. Ho har ein nydeleg stad med “sjel”, der husa er innreidd med gamle bruksgjendstander i ein gjennomført stil. Vi fekk tilgang til kjøkken, bad og WC i det gamle grisefjøset. Ute var det laga små sitjegrupper der gjestene kunne vera skjerma og sitje i fred. Vi hadde sjølvhushald. Det er ein triveleg stad å bu. Vertinna var og av den omsorgsfulle typen, og tipsa oss om å ta taxi opp på fjellet neste dag. Då sparde vi ca 6 km på asfalt.
20/7: Dag 6: Singsås-Samatun, 23,4 km
Taxien tok oss heilt opp der leden startar på sti, og etter kvart kom vi til å fylgja elva Sevilla. Det var mykje myr og eit par større elvar som måtte forserast. Då vi kom opp or skogen opna det seg vakkert landskap med vidt utsyn over fjell, vatn og dalar. Vi såg og vindmøller langt borte. Det var ikkje fullt så vakkert. Etter 12 km kom vi til Okstjønna. Der er ei pilegrimsbu som står open, med gass, vedomn og to køyer, ein heilt grei stad å overnatte. Etter denne bar det oppover att, til 800-meters høgde før terrenget slakka nedover mot Samsjøen til høgre og Håen til venstre. Vi skulle til Samatun, Melhus Røde Kors si hytte, å overnatta. Etappen var lenger enn rutebeskrivelsen, over 23 km.
Nedstigninga vart krydra av at vi trefte på ein snøkvit reinskalv som lagde gryntelydar og var veldig interessert i oss. Han hadde nok misst flokken sin, og hadde ingen merker i øyrene. Vi antok at han var vill. Men trass i at han var åleine, så var han i godt hold, sprang fort og beita. Håpar han overlever villdyr og haustjakt! Kl. 16.30 kom vi til Samatun, ei stor hytte med innlagt straum og vatn, velutstyrt. Der møtte vi på to tsjekkiske damer, som hadde sove på Spelmovollen natta før oss, og som Oddveig var bekymra for. Dei hadde starta frå Rena og gått lenge. Dei hadde særs tunge sekker, ca 20 kg. Dei drog på alt, både telt, sovepose og kokeutstyr i tillegg til alt anna. Nokon hadde sagt dei at det måtte dei, noko som vi ikkje var einige i. No var beina utslitne og dei ville ta det med ro og ta buss resten av turen.
Vi fekk tørka opp sko og klede. Men instruksen for kva oppgåver gjestene har under opphald og før avreise, stod berre på norsk, så vi omsette for dei. Dei visste ikkje t.d. at ein må vaske etter seg og ta med bosset, og sette stor pris på at dei vart opplyste. Slike instruks bør også vera på engelsk, sidan det er mange utlendingar som går pilegrimstur.
21/7. dag 7: Samatun-Heimvollen seter, 18,4km
Denne dagen kom med dusjregn så paraplyen kom vel til nyttes. Etappen veksla mellom stiar og grusveg. Lendet halla litt nedover att og vi kom inn i skogen. Vi stogga litt ved Olavskjelda ved Olavsknippen. Vi kom til Heimvollen i 14-tida. Det er ei koseleg seter der vertskapet stiller hovudselet til disposisjon for pilegrimar, og her hadde vi tinga hus. Det var veldig triveleg inne, og gode omnar å fyre i så vi fekk turka opp sko og klede. Sjølvhushald med sovepose. Utanfor gjekk det 12 kviger på beite, og dei var veldig glade i folk. Vi er takksame for at det finns gjestfrie folk som leiger ut husa sine til pilegrimar!
22/7: Dag 8: Heimvollen-Ler, 12 km
Etappen gjekk kun på grusveg, og vi var glade for å sleppa gå i myr. Vi gjekk gjennom store skogar med opningar med setrar og vatn. Etter kvart vart det gardsbruk. Vi tok pausen i smia på Kirkflå, som også tilbyr overnatting i to køyer. Her er straum og kokemogelegheiter, og sjølvhushald. Her møtte vi dei to tsjekkiske damene att, dei hadde sove her. No verka dei mindre slitne, og dei skulle ta buss til Trondheim. Vertskapet på Kirkflå dreiv med hundar, og desse gav høglydt beskjed kvar gong ein gjekk forbi. Så gjekk vi til Ler sentrum og tok buss til Tiller, der vi skulle sova på hotell. Det er godt å koma til litt luksus når ein går pilegrimsvandring, for m.a. å få vaska opp sitt tøy. I alle desse åra har vi veksla på standarden på overnattingane, men hotell kostar sjølvsagt meir.
23/7. dag 9. Tiller-Nidaros, 12,4 km
Så var vi komne til sjarmøretappen: Vandring langs Nidelva inn til pilegrimssenteret attmed Nidarosdomen. Etappen går på grusveg og asfalt, og det er roleg og fint å gå. Her er godt tilrettelagt for alle slags turgåarar og fiskarar langs elva. Gradvis vert ein van med sivilisasjonens lydar, og etter 3 timar kom vi til Nidaros. Pilegrimsmessa i Nidarosdomen er ei fin avslutning på reisa.
Kva hovudinntrykk sit vi så att med etter å ha gått Østerdalsleden frå Tynset? Fyrst og fremst mykje vakker natur, ro, stillheit, setrar, husdyr, eit eldorado av blomar og fugleliv, mosekledde vidder og myr. Like godt hugsar vi den hjartelege mottakinga vi fekk der vi møtte vertskapet direkte på overnattingsstadene. Utan desse, og alle dei andre gjestfrie og venlege folka som gjer det mogeleg å vandre slik, så hadde vi ikkje kunna teke turen. Det vert for tungt for godt vaksne damer å bera med seg telt og sovepose. Vi set og pris på all den innsatsen som ligg bak det å tilretteleggja og merka leden, noko som gjerne ikkje kjem fram. Alle dei tre pilegrimane vi møtte var utanlandske. Det er kjekt, det, men vi undrar oss over at ikkje fleire nordmenn har oppdaga pilegrimsledene i landet vårt. Det er ein fantastisk fin måte å oppdaga moder Noreg på, og ein treff alltid på kjekke folk. Så vi ynskjer at fleire vil bli pilegrimsvandrarar. Det kan absolutt anbefalast.
Til opplysning, så kosta turen oss knapt 5000 kr med alle overnattingane og pensjonen der, for 12 dagar.
Til turfylgjet vil eg sei: Takk for turen! Nok ein vellukka pilegrimstur er blitt gode minner.