Då bygdarådet inviterte til valmøte tysdag kveld, møtte både bygdefolk og tilresande godt opp. No skulle me få vite kva dei ulike partia meinte om viktige saker for oss. Etter ein innleiande runde der kvart parti fekk 4 minutt kvar til å leggje fram sine hjertesaker, var det klart for debatt og spørsmål.
Politikarane hadde fått melding om nokre aktuelle tema for møtet, som landbruk og infrastruktur. Magnar Nese leia møtet, og opna frisk med dikt om kua, og vidare innleiing om landbrukspolitikk - og kor utfordrande det kan vere med nye krav og store pålagte investeringar for bøndene. Det vart etterspurt kva politikararne meinte om støtte, td frå næringsfondet. På same tema kom viktige innspel og spørsmål frå salen, mellom anna frå Håkon Øvstedal, som nyleg er flytta tilbake etter studier, og som vurderer å overta gard. Han etterlyste moglegheit for å få støtte frå kommunen til næringa, td frå næringsfondet - tidlegare innsende søknader gav null i støtte. Vel så viktig som å få svar på spørsmål, var det å informere politikarane om viktige saker for dalen. Korleis skal td næringsfondet brukast? Bøndene fekk av fleire oppfrdring om å prøve søkje på ny - sjølv om dei tidlegare hadde fått avslag på søknader. Så får me sjå om det kun er valflesk, eller om der er hald i det dei seier - at det er råd å få støtte frå fondet.
Andre viktige tema i møtet var tomme bustader, og tiltak for å fylle dei. Kva med kommunal garanti på lån for å kjøpe, eller bygge nytt - spurte Lars Patterson frå Vetlejord. Har kommunen noko system for slikt? Ingen parti kunen svare på dette, men dei fekk det med seg til å "tenkje på". Det vart også diskusjon om buplikt og andre tiltak for å få folk til dei tomme husa. Partia var i uttalane nokså einstemmige i at det skulle mykje til for at det skulle gjevast fritak for buplikt.
Når diskusjonen kom inn på eldreomsorg, måtte mange politikarar opplysast på ny - kommunen eig tomt på Vetlestølen på Lavik, tenkt til eldrebustader i si tid. Det er vel 25 år sidan den vart kjøpt for 50 000,- Det høyrest ut som dei fleiste debattantane ville ta dette emed vidare også, og sjå om det var råd å få opp nokre serviceboligar på tomta. Interessant.
I syn på sjukeheimar var partia litt delt i syn på kva som skulle vere på Dale og kva dei ville ha på Vaksdal. Det som overraska mest, var at dei fleste partia var opne for på ny gå i dialog med Modalen, om beovet skulle vere der, for å eventuelt leige sjukeheimsplassar der igjen.
alt i alt var der god stemning i møte, mild debatt - og partia fekk fortalt litt om sine satsingar og fokus-felt. Bygdefolka fekk opplyst dei styrande om viktige saker for Eksingedalen. Håpet er at politikarane står på det dei lovar, uansett kven som blir valgt inn. Godt val - allereie på torsdag er det førehandsrøysting med kafè på skulen.