Pengedryss til Grendahuset Ljosheim frå fylkeskommunen

Av Liv Anne fre 22.09.2023 - 18:29

Då Norsk Tipping sitt spelemiddeloverskot til kulturbygg for 2022 skulle delast ut, mangla det ikkje på søknader. Heile 60 søknader kom inn, og 53 søknader vart godkjente. Dei 53 søkte om til saman 36,7 millionar kroner, langt utover midlane som fanst. Fylkeskommunene rådde over 9,5 millionar, og mellom dei 16 kulturbygga i fylket som fekk støtte, var Grendahuset Ljosheim. Heile 570 000 kroner gjekk til det 126 år grendahuset i Eksingedalen. 

- Dette var veldig, veldig kjekt, seier styreleiar Anna Sveinungsdotter Bergo. No monnar det verkeleg på det me treng å gjera! Dette gjev oss verkeleg ny energi, og me brettar opp ermane og set i gang. 

Husastyret i Grendahuset Ljosheim

Som kjent er mykje allereie gjort i Ljosheim, og mange aktørar har tidlegare gjeve tilskot til grendauset. I november sist år feira huset 125 år, og det stod då fram i kan hende sin aller beste stand nokon sinne. Det viktigaste som tetting av tak, brannsikring, nytt golv og oppjustering av kjøkken og toalett var gjort. Likevel var det driftige husastyret klar over at meir burde gjerast, og årsmøtet i mars sette saman med styret opp ei prioriteringsliste. 

- Det første som skal skje no er at heile taket skal ferdigstillast, og med ny kapital kan ein også ta fatt på byte av kledning på heile huset. Alt tilbakeført til opprinneleg stil, fortel Anna. 

I ei pressemelding frå Vestland Fylkeskommune seier leiar for hovudutval for kultur, Stian Davies, at desse kulturbygga alle er viktige bygg i lokalsamfunna våre. "Dei genererer aktivitet og er viktige for frivilligheita og for dei lokale kulturtilboda. Vi treng gode kulturarenaer og samlingsplassar overalt, og dei må vere oppgraderte til dagens standard. Det fortener alle dei frivillige som engasjerer seg for både kulturbygga og dei som brukar dei." Han seier at det er stort behov for tilskot til kulturbygg, og han er uroa for underfinansieringa og for låge statlege løyvingar. 

Dette er ei viktig gåve til det staselege grendahuset, og til heile Eksingedalen.