Oppveksttunet inviterer til open dag

Av Liv Anne ons 27.09.2023 - 14:40
Heidi og Linea og resten av oppveksttunet i Eksingedalen inviterer til open dag!

"Å høyra til" og ha gode møtestader i ei bygd er viktig. Det ynskjer oppveksttunet i Eksignedalen å vera med på. Difor inviterer borna, elevane og dei vaksne inn til open dag for å markera "Verdsdagen for psykisk helse". Det vert høve til å kjøpa seg føremiddagsmat, sitja lenge med kaffikoppen, prata med naboar, strikka eller vera med inn for å oppleva barnehage- og skulekvardagen. 

I haust har heile oppveksttunet vore engasjert i arbeid med skulehage og  "eigne" bifolk, og mykje av dette kan gjestene læra om gjennom utstillinga i gymsalen. Skulehage og berekraft engasjerer, og no kan fleire få del i gleda over dette prosjektet. Å ha det fint saman er viktig, og psykisk helse er tema for første veka i oktober. Dette vil også visa att i utstillinga. Som alltid har nokon av elevane lyst til å dansa og syngja, og det vert omvising i skulehagen. 


Inne på skulen er det kunst- og handverk. 
- Tenk om nokon vil vera med å hjelpa oss litt med strikkinga, seier dei to jentene i 5. og 6.klasse.