Etter ei veke med psykisk helse som tema på oppveksttunet, var det fint å invitera gjester siste dagen før skulen sin haustferie. Å kjenna at ein høyrer til i bygda og å ha ein stor heiagjeng, det er godt for små og store i barnehagen og på skulen. I ei bygd er møteplassar viktig, og å kunna eta føremiddagsmat og drikka kaffi i lag er fint. Ikkje minst var det fint for dei små å kunna gå på kafe med bygdafolket.
Kjensler, å vera seg sjølv og kjenna at ein er "god nok", kjenna på vennskap og å øva på å tenkja grøne tankar framfor dei raude, det har vore tema på oppveksttunet i denne "psykisk-helse-veka". Alt dette kunne gjestane lesa om rundt om på veggane i gymsalen.
Denne bodskapen vart også framført gjennom BlimE!-dans og song. Både eittåringane og ungdomsskulen var med, og tekstane var klare "Ikkje mobb kameraten min" og "Male himlen blå", som handla om å laga fine dager for kvarandre gjennom eit SMIL!
"Skulehage og berekraftig matproduksjon " er eit årstema på oppveksttunet. Dette var det også plakatar om på veggane, med bilete frå arbeid i skulehagen og med biene Slik lærer barna og elevane om heilskap, natur, miljø, om korleis mykje heng i hop - og om berekraft.
Det er berre å gle seg: 12.desember vert det bygdekafe med middag. Og der vert det sal av både produkt frå skulehagen og andre ting som elevane har laga. Alt produsert berekraftig. Det ryktast om mange gode julegåver!