Tradisjonen tru inviterte Kvinne- og familielaget til joleverkstad den andre laurdagen i desember. Det var svært godt oppmøte. Borna fekk utfalda seg med både å laga mangeslags jolepynt og baka både jolemenn og peparkaker. Kreativiteten er i fri blomst slike dagar. Jolegraut med mandel i vart servert, og over femti kosa seg saman.
Dette er eit populært tiltak for eksingedalsborna, hyttefolk, og folk frå nabobygder. Det er særleg kjekt at utflytta eksingedølar tek med seg familie for å møtest til denne førjolsaktiviteten.
Helga etter var det barneteater i Ljosheim. Her fekk publikum vera med Teskeikjerringa på jolehandel. Skodespelaren Adele Lærum Duus spelte alle rollene og formidla forteljinga på ein framifrå måte. Publikum let seg riva med i historia, små og store kosa seg med teater i det trivelege grendahuset.
Forventnigane til jola og alt som høyrer til er stor. Og jammen kom nissen og nissekona også ein tur til Eksingedalen!