Stengte vegar og ustabil mobildekning

Av Liv Anne man 22.01.2024 - 18:37
Ras og vatn ved Høvik. Foto: Bjørn Eikefet

Uveret som herjar stengjer mandag ettermiddag to av vegane inn til Eksingedalen. Vegen mellom Brekkhus og Nesheim har vore stengt sidan søndag kveld, og opnar tidlegast tysdag kl 10. Eit større ras ved Eikemo sperrar vegen oppover frå Eidslandet. I løpet av dagen har fleire ras sperra veg, også andre stader i dalen. Det har rasa ved Høvik, Lavik, Botnabrekkene og Brakestad. 

Kommunaldirktør Atle Fasteland opplyser at det er gjort avtale med Presis Vegdrift om at Modalstunnelen, som til vanleg er nattestengt, heldt ope i natt. 

 

Skulebussen nedanfor skulen vart innstilt i dag tidleg, då ras sperra både Botnabrekkene og andre område. Borna og elevane frå nedre Eksingedalen har hatt heimeskule og vore heime frå barnehagen. Om ettermiddagen var det utfordringar for dei oppover dalen å komma seg heim att. 

Frå Vaksdal kommune si Facebook-side: 
"I ettermiddag melder Telenor om at det er registrert eit større utfall i Vaksdal og Modalen. Områda rundt Eksingedalen vil oppleva sterkt redusert til ingen dekning på mobilnettet." 

Kor mange som manglar dekning, er usikkert. Og det er usikkert kva tid det let seg rette. Skred og uver gjer arbeidet svært utfordrande.

Ved oppveksttunet er det brot i fiberkabel og manglande internett. 

 

Brøytemannskap køyrer kontinuerleg oppover og nedover Eksingedalen, og gjer ein formidabel innsats!