Velkommen til idretts- og friluftsaktivitetar i helga!

Av Liv Anne ons 31.01.2024 - 21:01

Laurdag inviterer Eksingedalen IL til laurdagsgraut klokka 13 i gymsalen. Der vert det premieutdeling for ulike aktivitetar dette året, mellom anna skal 25 trimmarar få krus for å ha greidd alle postane i Fjelltrimmen!

Klokka 14 er det tid for årsmøte i idrettslaget.

Søndag vert det Kom deg ut-dag, i løypa på Nesheim dersom vèr og føre spelar på lag. Ulike aktivitetar, alle får pølser og alle born får premie. Meir informasjon kjem laurdag. Dette er i samarbeid med Vaksdal Turlag.