Lihkku beivviin!

Av Liv Anne tir 06.02.2024 - 22:08

Sameflagget vert heist ved alle skulane i Vaksdal på samedagen, 6.februar. På oppveksttunet i Eksingedalen var dagen markert med tradisjonell samisk kost, laga av dei eldste og dei aller yngste på oppveksttunet. 

Til lunsj fekk alle servert bidos, gryte med kokt reisdyrkjøt, potet og grønsaker.  Barnehageborna kjevla ut store stablar med gáhkku, eit tynnbrød som ofte vert servert saman med bidos. Alt smakte veldig godt! 

Godt samarbeid på skulekjøkkenet! Foto: Anna S. Bergo
Stas å laga sin eigen mat. Foto: Anna S. Bergo
Bidos og gáhkku Foto: Anna S. Bergo
Og så var det klart for lassokasting! Foto: Solfrid Urke Nese