Fredag 15.mars kjem Fantefolk til Ljosheim!

Av Liv Anne søn 25.02.2024 - 22:41
Fantefolk består av Anders Brekke, Jens Brekke, Kåre Nytun, Irene Tillung og Kari Finne Sognnæs. Foto: Fantefolk

Velkommen til ei førestilling om Per Sivle sitt liv, oppvekst og dikting. Jens Brekke les dikt, fortel om Sivle og fortel Vossastubbar, som blir krydra med musikk og song.
Det er 10 dikt av Per Sivle som er hovudingrediensane i Lurleik.

«Fantefolk» hadde premiere på dette programmet på Sivlegard, Sivle sin barndomsheim på Stalheim i mai i 2019. Då var det fullt hus i låven og dei fekk flott avisomtale.

Gruppa Fantefolk, består av desse musikarane:

Jens Brekke, forteljar, frå Vik i Sogn: Kjend som den beste Sivlekjennaren her i landet.

Kari Finne Sognnæs, song (frå Voss): Best kjend som folkesongmusikar, (kveing) utdanna ved Ole Bull akademiet, og underviser i periodar der.

Irene Tillung, accordion, (frå Voss) utdanna ved Norges musikkhøgskule og Dansk kongeleg konservatorium. Ho er også komponist.

Kåre Nytun, gitar: Han er opphavet til gruppa ”Fantefolk” og programmet «Lurleik». Kåre er opphavleg frå Ørsta på Sunnmøre, men har budd på Voss i mange år og reknar seg som Vossing. Han har spelt i mange band, dansemusikk ,folkemusikk ,jazz m.m. Er også opphavet til mellom anna «Jazzfestivalen på Skei i Jølster», (Jazz på Jøl).st

Anders Brekke, kontrabass, frå Vik i Sogn: Han er utdanna kantor ved høgskulen i Trondheim, er også ein flink pianist og bassist.

 

 

Husastyret inviterer på pizzabuffet frå kl 19:00, førestillinga startar 19:30.

Inngang, pizzabuffet og førestilling: kr 300,-

Billettar kan tingast på førehand hjå Anna, eller kjøpast i døra.

Me gler oss!

Tlf Anna: 48024522

Fantefolk. Foto: Fantefolk