Kurs i livreddande førstehjelp med bruk av hjartestartar

Av Liv Anne ons 06.03.2024 - 12:36
Å vita korleis hjartestartaren skal brukast, er viktig!

I 2021 vart det plassert ut fem hjartestartarar i Eksingedalen: på Gullbrå, Bergo, Yksendalen, Ljosheim og Høvik. I juni same år vart det halde kurs i livreddande førstehjelp og korleis ein skal bruke hjartestartar. 16 personar gjennomførte kurset.  Det er sikkert fleire som ikkje kjenner seg heilt trygge på å bruka den om det skulle oppstå ein nødsituasjon. Difor er regelmessig oppdatering viktig, slik at ein veit når ein skal bruke den og ikkje minst: Kjenne seg trygg på korleis den skal brukast. 

No er det tid for nytt kurs, og det er opna for påmelding.  Kurset vert gjennomført to gonger same dag slik at flest mulig kan få høve til å delta. Det er plass til max 12 stykker på kvart kurs, så ver rask med å melde deg på. Kurset passar like godt for alle, uavhengig av om det er første gong du gjennomfører dette eller om du har delteke før, eller har meir grunnleggande kunnskap.

Onsdag 10. april vert det kurs i Ljosheim
Kurs 1: 11:30-14:30      
Kurs 2: 15:30-18:30

Det er Lasse Fossedal frå Trygg Tur DA som er kursansvarleg også denne gongen. Han har 31 års erfaring som Redningsmann i Norsk Luftambulanse og har drive opplæring i førstehjelp i over 20 år:

«Kurset jeg leverer gir dere opplæring i å håndtere en hjertestans, der organisering, varsling, hjerte/lungeredning og hjertestarter er sentrale tema. Kurset går over 3 timer og er en fin blanding mellom teori og øvelser. Alle blir da godkjent etter Statens krav om opplæring i bruk av hjertestarter.

 Se mer om kurset her: http://www.tryggtur.no/forstehjelpskurs/hjertestarter-kurs/ 

Kurset inneholder: Varsling- Behandling av den bevisstløse pasienten - Undersøkelse og behandling av den livløse pasienten - Basal hjerte/lungeredning - Bruk av hjertestarter Akutte sykdommer, hjerteinfarkt og slag

 Kursdeltakerne vil få kurshefte, og hvis ønskelig, kursbevis» 

 

Påmelding til Britt Eide, epost britteide@outlook.com eller tlf 90112985 innan 27. mars
Eigendelen er kr 300, som ein set inn på konto nr 3480 14 00177  ved påmelding. Kontoen tilhøyrer Eksingedalen Kvinne- og familielag. 

Det er plass til 12 deltakarar på kvart kurs. 


Kurset er eit samarbeidstiltak mellom Eksingedalen Kvinne- og familielag, Eksingedalen Idrettslag, Øvre Eksingedalen grunneigarlag og Grendahuset Ljosheim. Desse laga betaler alle ein del av kurskontigenten.